Hudson Bay-toktet i 1686

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hudson Bay-toktet i 1686 var ein av dei engelsk-franske konfliktane ved Hudsonbukta. Det var det første av fleire tokt sendt frå Ny-Frankrike mot handelsstasjonane til Hudson's Bay Company i sørenden av Hudsonbukta. Leia av Chevalier de Troyes, klarte toktet å erobre utpostane ved Moose Factory, Rupert House, Fort Albany og kapre kompaniskipet «Craven».

Sjølv om Frankrike og England då var i fred, braut det ut krig mellom dei i 1689, og konflikten om utpostane i Hudsonbukta heldt fram. Ein av løytnantane til Troyes, Pierre Le Moyne d'Iberville, utførte fleire tokt mot eigedomane til HBC og enda med ein fransk siger i slaget ved Hudsonbukta i 1697. Mot slutten av krigen kontrollerte franskmennene alle utan om ein handelsstasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]