Schenectady-massakren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Schenectady-massakren var eit kanadisk åtak mot landsbyen Schenectady i kolonien New York den 8. februar 1690. Meir enn 200 kanadiarar og deira allierte indianararkrigarar, som bestod av mohawkar, sault og algonkinar, gjekk til åtak på det uverna samfunnet og øydela dei fleste heimane. Dei fleste innbyggjarane vart anten drepne eller tekne til fange. Massakren var hemn for Lachine-masskaren og knytt til beverkrigane i Nord-Amerika og Kong Vilhelm-krigen mellom Frankrike og England.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå beverkrigane og Kong Vilhelm-krigen.

På slutten av 1600-talet var irokesarane og kolonistane i Ny-Frankrike i strid med kvarande om å få kontroll over den økonomisk viktige pelshandelen i det nordlege Nord-Amerika. I august 1689 utførte irokesarane eit av dei mest øydeleggande raida sine mot det franske grensesamfunnet Lachine. Dette åtaket skjedde etter at Frankrike og England hadde erklært krig mot kvarandre, men før meldingane om denne krigen nådde Nord-Amerika.

Guvernøren i Ny-Frankrike, comte de Frontenac organiserte eit tokt frå Montreal for å angripe engelske utpostar i sør, som straff for at engelskmennene støtta irokesarane, og som ei generell utviding av krigen mot dei nordlegaste engelske koloniane. Toktet var eit av tre retta mot isolerte samfunn i nord og vest, og var opphavleg meint å nå Fort Orange (dagens Albany).

Leiarane for toktet var Jacques Le Moyne de Sainte-Hélène og Nicolas d'Ailleboust de Manthet og nestkommanderande var Pierre Le Moyne d'Iberville, som seinare grunnla Louisiana. Raidet bestod av om lag 160 kandiarar, hovudsakleg coureurs de bois, og 100 indianarkrigarar, hovudsakleg katolske mohawkar, sault og algonkinar. Dei drog over dei islagde Lake Champlain og Lake George mot dei engelske samfunna ved Hudson River.

Fort Orange verka å vere godt forsvart, og speidarrapportar den 8. februar sa at ingen vakta palisaden i det vesle grensesamfunnet Schenectady i vest. Schenectady og Albany var så politisk poliariserte etter Leisler-opprøret i 1689 at dei to motståande partane ikkje hadde vorte samde å setje ut vaktar der.

Åtaket[endre | endre wikiteksten]

Utan kjennemerke og med porten open, gjekk angriparane stille inn i Schenectady og gjekk til åtak to timar før daggry. Dei brende hus og låvar, tok livet av menn, kvinner og barn. Dei fleste var framleis i nattkleda sine og hadde ikkje tid til å væpne seg sjølv. Morgonen den 9. februar låg heile samfunnet i ruinar — meir enn 60 vart sett i brann. Dei fleste innbyggjarane var anten døde eller tekne til fangar, medan nokre klarte å flykte til fortet i Albany. Symon Schermerhorn var ein av desse. Sjølv om han var skadd, reid han til Albany for å åtvare dei om massakren. Til minne om denne hendinga rid borgarmeisteren i Schenectady denne turen kvart år. Dei fleste av dei har ridd til hest, medan enkelte har køyrt bil.

Dei 60 daude var 38 menn, 10 kvinner og 12 barn. Angriparane tok med seg 27 fangar og 50 hestar.[1] Det tok samfunnet mange år å byggje seg opp att etter åtaket. John A. Glen, som budde i Scotia, på andre sida av elva for Schenectady, hadde tidlegare gjeve franskmennene støtte. Som takk for dette drog angriparane fangane frå Schenectady til han, og han kunne plukke ut slektningar. Glen tok til seg så mange fangar som han klarte og resten vart førte til Canada. Dei som var for unge, gamle eller for sjuke til å klare den harde reisa vart drepne på vegen. Somme av dei yngre fangane vart adopterte av mohawkane og andre indianarfamiliar i Canada. Somme vart òg løyst ut mot betaling til samfunna i Ny-England.[2]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Åtaket tvinga dei politiske partane i New York å setje usemja deira til side og fokusere på den felles fienden i Ny-Frankrike. Som følgje av åtaket gav Albany-konvensjonen no støtte til Jacob Leisler, som hadde teke over leiinga av dei sørlege delane av kolonien. Med støtte frå tenestemenn frå Connecticut organiserte Leisler eit hemntokt frå Albany mot Montreal. Dette vart leia av militsgeneralen i Connecticut, Fitz-John Winthrop, men måtte i august 1689 snu om på grunn av sjukdom, mangel på forsyningar og for få fartøy til å segle over Lake Champlain.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Schenectady Massacre"
  2. John Demos, The Unredeemed Captive

Koordinatar: globe:earth_region:US-NY 42°49′8″ N 73°56′53″ W