Omleiringa av Pemaquid i 1696

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Pemaquid
Del av Kong Vilhelm-krigen
Pierre Le Moyne d'Iberville 1661-1706.jpg
Pierre Le Moyne d'Iberville
Dato 14.-15. august 1696
Stad dagens Bristol i Maine
Resultat Siger til Ny-Frankrike og Abenaki
Partar
Ny-Frankrike
Abenaki
Flagget til England engelske kolonistar
Kommandantar
Pierre Le Moyne d'Iberville Pasco Chubb
Styrkar
100 kanadiarar, 400 abenakiar 93 soldatar
Tap
ukjend ukjend

Omleiringa av Pemaquid skjedde under Kong Vilhelm-krigen då franske og indianske styrkar frå Ny-Frankrike gjekk til åtak på den engelske busetnaden Pemaquid (dagens Bristol i Maine), eit samfunn på grensa til Acadia. Kringsetjinga vart leia av Pierre Le Moyne d'Iberville og Jean-Vincent d'Abbadie de Saint-Castin (frå Pentagouet, dagens Castine i Maine) mellom 14.-15. august 1696. Kommandanten i fortet, kaptein Pasco Chubb, overgav fortet. Iberville tok livet av tre soldatar og sende dei andre 92 attende til Boston.

Sigeren i Pemaquid var ein av dei viktigaste til franskmennene under krigen.[1] Kringsetjinga førte til eit hemntokt av Ny-England-styrkar mot Acadia.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Herbert Milton Sylvester, Indian Wars of New England, s. 484
  2. John Reid. "1686-1720: Imperial Intrusions". In Buckner, P. and Reid J. (eds). The Atlantic Region to Confederation: A History. Toronto University Press. 1994. s. 83.