Omleiringa av Fort Nashwaak i 1696

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Fort Nashwaak (1696)
Del av Kong Vilhelm-krigen
Colonel Benjamin Church.jpg
Oberst Benjamin Church
Dato 18.-20. oktober 1696
Stad Nashwaak i Acadia (dagens Fredericton i New Brunswick)
Resultat Fransk og indiansk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike mi’kmaq, akadiarar Flagget til England Engelske kolonistar
Kommandantar
Guvernør Villebon Benjamin Church
Styrkar
100 400 soldatar og indianarar
Tap
1 drepen og 2 skadde 8 drepne og 17 skadde

Omleiringa av Fort Nashwaak skjedde under Kong Vilhelm-krigen då styrkar frå Ny-England frå Boston gjekk til åtak på hovudstaden i Acadia, Fort Nashwaak, ved dagens Fredericton i New Brunswick. Omleiringa var ein hemn for den franske og indianske omleiringa av Pemaquid i 1696 i dagens Bristol i Maine i engelske provinsen Massachusetts Bay. Oberst Benjamin Church leia den engelske styrken på 400 mann. Kringsetjinga varte to dagar, mellom 18. og 20. oktober 1696 og var ein del av eit større tokt leia av Church mot fleire andre samfunn i Acadia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]