Mohawk Valley-raidet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mohawk Valley-raidet (februar 1692) vart utført mot tre mohawklandsbyar i Mohawk River-dalen av franske og indianske krigarar kommandert av Nicolas d'Ailleboust de Manthet. Raidet var ein del av dei langvarige beverkrigane og Kong Vilhelm-krigen. Dei tre landsbyane vart øydelagde, mellom anna viktige matlager. Mange mohawkar vart anten drepne eller tekne til fange. Fangane var meint å folkesette kristne indianarlandsbyar nær Montreal.

Angriparane, som gjekk langsamt avstad på grunn av fangane, vart etterfølgd av ein engelsk-irokesisk styrke leia av major Pieter Schuyler. Dei to styrkane møttest i ei småtrefning nokre dagar etter radier. På grunn av forfølginga måtte angriparane lauslate dei fleste av fangane sine. Fleire av forsyningane deira vart òg øydelagde og dei svelt før dei klarte å kome seg attende til Montreal.

Mohawkane vart alvorleg svekka som ein militærstyrke innanfor Irokesarføderasjonen, og raidet medverka til freden i 1701 mellom irokesarane, franskmennene og mange andre stammer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]