Hunsrück

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Typisk landskap i Hunsrück.
Ruine Balduinseck mellom Mastershausen og Buch

Hunsrück er ei låg fjellkjede i Rheinland-Pfalz i Tyskland som høyrer til Mittelgebirge. Ho grensar til elvedalane til Mosel i nord, Nahe i sør og til Rhinen i aust. Hunsrück held fram som fjella Taunus på austsida av Rhinen. På andre sida av Mosel ligg Eifel. Sør for Nahe ligg Pfalz.

Mange av åsane er ikkje høgare enn 400 meter. Det ligg fleire kjeder med høgare toppar innfor Hunsrück, som alle har sitt eige namn: (Schwarzwälder) Hochwald, Idarwald, Soonwald og Binger Wald. Den høgaste av toppane er Erbeskopf på 816 meter.

Av byar innanfor Hunsrück finn ein Simmern, Kirchberg og Idar-Oberstein, Kastellaun, og Morbach. Frankfurt-Hahn flyplass, ligg òg i området.

Klimaet i Hunsrück er forholdsvis vått med ein god del regn. Skifer vert vunne ut i fjella.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]