Hussmett
| Hussmett | ||
|
Status i verda: Livskraftig (LC) |
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Troglodytidæ | |
| Slekt: | Troglodytes | |
| Art: | T. aedon | |
| Vitskapleg namn | ||
| Troglodytes aedon | ||
Hussmett (Troglodytes aedon) er ein mykje liten songfugl i gjerdesmettfamilien, Troglodytidae. Leveområdet er frå Canada i nord ned til sørlegste Sør-Amerika, og finst i dei fleste forstadsområde eller område med folkesetnad kor han ofte den mest vanlige gjerdesmettarten. Taksonomien er særs kompleks og noen grupper av underartar vert ofte sett på som sjølvstendige artar.
Vaksne hussmettar er 11-13 cm lange og veg ca 12 gram. Utsjånaden varierer sterkt, avhengig av underart. Oversida kan vere alt frå kjedeleg gråbrun til rik raudbrun, og undersida spenner frå brun, over brungul og bleik grå, til heilt kvit. Alle underartar har mørke tverrstriper på venger og hale, og noen også på kroppsidene. Alle underartar viser ein svak augering og ein augebrun. Nebbet er langt, smalt med mørkt overnebb, og eit gulaktig eller bleikgrått undernebb, svart på spissen. Beina er rosa eller grå. Den korte halen er vanlegvis reist opp.
Ein hører ofte den kraftige, boblande songen i hekkesesongen, men sjeldan etterpå. Det er markerte geografiske variasjonar i song, men noko meir moderat enn det variasjonen i utsjånad skulle tilseie. Fuglar lengst sør har likevel song som skil seg markant frå dei lengst nord.
-
Nordleg underart, lydopptak frå Rondeau Provincial Park i Ontario i Canada.
-
Sørleg underart, lydopptak frå Petropolis i delstaten Rio de Janeiro i Brasil.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen House Wren frå Engelsk Wikipedia .
