Identity

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Identity
Studioalbum av Zee
Innspelt Cambridge, september 1983
Sjanger Rock
Lengd 46:03
Selskap Harvest/EMI
Produsent Richard Wright
Dave Harris
Richard Wright-kronologi
Wet Dream
(1978)
Identity Broken China
(1996)

Identity er det einaste albumet til Zee, eit kortvarig band som bestod av klaverspelaren i Pink Floyd, Richard Wright og Dave Harris frå New Romantic-bandet Fashion. Albumet kom ut i 1984. Wright har seinare sagt at han følte Identity var eit «eksperiment som gjekk feil», og at det aldri skulle ha vorte laga.[1] Albumet vart skriven og produsert av Wright og Harris, og all teksten vart skriven av Harris.

Det vert nytta mykje Fairlight CMI på albumet, ein synthesizer som var populær i 1980-åra. Dette skapar ein særs elektronisk stil som går igjen på alle songane.

«Confusion» vart gjeven ut som singel med «Eyes of a Gypsy» som B-side.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Richard Wright og Dave Harris. 

# Tittel Lengd
1. «Confusion»   04:17
2. «Voices»   06:21
3. «Private Person»   03:36
4. «Strange Rhythm»   06:36
5. «Cuts Like A Diamond»   05:36
6. «By Touching»   05:39
7. «How Do You Do It»   04:45
8. «Seems We Were Dreaming»   04:57
9. «Eyes of a Gypsy» (bonusspor på kassettutgåva) 04:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Richard Wright: Klaverinstrument, perkusjon, fairlight, solo & korvokal
  • Dave Harris: Gitarar, klaverinstrument, perkusjon, fairlight, solo & korvokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]