Broken China

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broken China
Studioalbum av Richard Wright
Innspelt Tidleg 1996 (Studio Harmonie i Frankrike)
Sjanger New Age
Ambient
Progressiv rock
Lengd 59:34
Selskap EMI Records (UK)
Guardian Records (US)
Produsent Richard Wright
Anthony Moore
Laurie Latham
Kritikk
Richard Wright-kronologi
Identity
(Zee)
(1984)
Broken China

Broken China er eit soloalbum av klaverspelaren i Pink Floyd, Richard Wright.[1] Det kom ut i 1996.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Albumet er eit firedelt konseptalbum som dokumenterer den dåverande kampen til den dåverande kona til Wright, Mildred, mot depresjon, og det er må mange måtar som eit klassisk konseptalbum av Pink Floyd i struktur og kjensle. Sinéad O'Connor syng på to av songane, «Reaching for the Rail» og «Breakthrough», medan Wright syng dei andre songane. Albumet vart spelt inn i det personlege studioet til Wright i Frankrike. Broken China var det andre soloalbumet til Wright, etter Wet Dream i 1978, og det siste før han døydde i september 2008.

Wright spurte Pink Floyd-medlem David Gilmour om han kunne spele på albumet, og Gilmour gjekk med på å spele på ein song. Tilnærminga til songen vart derimot endra seinare, så Gilmour er ikkje med på det endelege albumet.

På DVDen David Gilmour in Concert gjestar Wright på vokal på songen «Breakthrough» i lag med David Gilmour og bandet hans.

Plateomslaget vart laga av den faste designaren til Pink Floyd, Storm Thorgerson og Peter Curzon.[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Breaking Water»   Wright/Anthony Moore 02:28
2. «Night of a Thousand Furry Toys»   Wright/Moore 04:22
3. «Hidden Fear»   Wright/Gerry Gordon 03:28
4. «Runaway»   Moore 04:00
5. «Unfair Ground»   Wright 02:21
6. «Satellite»   Wright 04:06
7. «Woman of Custom»   Moore 03:44
8. «Interlude»   Wright 01:16
9. «Black Cloud»   Wright 03:19
10. «Far from the Harbour Wall»   Wright/Moore 06:19
11. «Drowning»   Wright 01:38
12. «Reaching for the Rail»   Wright/Moore 06:30
13. «Blue Room in Venice»   Wright/Gordon 02:47
14. «Sweet July»   Wright 04:13
15. «Along the Shoreline»   Wright/Moore 04:36
16. «Breakthrough»   Wright/Moore 04:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Broken China, Richard Wright, Prog Archives.
  2. Broken China, The Pink Floyd Hyperbase, Danmark.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]