Harvest Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Harvest Records var eit tidlegare britisk plateselskap som låg under paraplyen til EMI og som fungerte som platemerke for band og artistar innanfor sjangeren progressiv rock. Selskapet vart stifta i 1969 under leiing av Malcolm Jones og Norman Smith, og var ein direkte konkurrent mot Vertigo Records frå Phillips og Deram Records frå Decca. Harvest vart distribuert i USA av det amerikanske dotterselskapet til EMI, Capitol Records.

Med utgjevingslanseringa av Edgar Broughton Band vart selskapet brukt av kjende band og artistar som Deep Purple, Pink Floyd, The Move, Electric Light Orchestra, Barclay James Harvest, Climax Blues Band, Kevin Ayers og Little River Band. Harvest promoterte òg andre alternative musikksjangrar i byrjinga. I tillegg hadde Harvest den europeiske lisensen for utgjevingar frå det amerikanske selskapet Blue Thumb Records mellom 1969 til 1971.

Hovudfokuset til Harvest Records skifta noko på slutten av 1970-talet, der selskapet byrja å signere ei rekkje band under post-punk som Wire, The Saints og The Banned. New Wave–artistar som Thomas Dolby og Duran Duran gav ut deira debutalbuma sine under selskapet i Nord-Amerika. Dei tre første albuma til Iron Maiden vart òg gjeve ut i USA av Harvest Records. Pink Floyd skifta til EMI etter utgjevinga av The Final Cut i 1983.

I 1977 byrja Harvest å gje ut att utgjevingar på eit platemerke kalla Harvest Heritage. Dette nye merket samla stort sett saman material som tidlegare hadde vorte utgjeve på Harvest frå 1969 og utover som samlealbum. Harvest Heritage gav likevel òg ut musikk frå slutten av 1960-talet av EMI–band som ikkje hadde spelt inn for Harvest, som til dømes The Gods, Love Sculpture og Tomorrow.

Harvest Records opererer ikkje lenger som eit eige platemerke, men det blir reaktivert i visse tilfelle viss ein artist eller eit band passar inn under kulturen til platemerket. Sidan 1984 har Harvest sjeldan vorte brukt for nye utgjevingar.

Artistar på Harvest Records[endre | endre wikiteksten]

Jan Akkerman The Albion Band Amorphous Androgynous Ariel Aviator
Kevin Ayers Ayshea Babe Ruth Bakerloo The Banned
Barclay James Harvest Syd Barrett Battered Ornaments Be-Bop Deluxe La Belle Epoque
The Beyond Blue Aeroplanes Richard Brautigan Edgar Broughton Band Pete Brown & Piblokto
Buddy and the Juniors Kate Bush Can Cargo Michael Chapman
Clifton Chenier Climax Blues Band Shirley & Dolly Collins Dark Star Deep Purple
Thomas Dolby Patrick Duff Duran Duran East of Eden Electric Light Orchestra
Eloy Charlie Feathers The Flying Circus Focus Forest
Formerly Fat Harry The Fourth Way David Gilmour The Gods The Grease Band
The Greatest Show on Earth Gryphon Roy Harper Ashley Hutchings Iron Maiden
Israel Vibration Janus Kayak King Harry Buddy Knox
Helmut Koellen John Lees Little River Band The Lonely Boys (aka Little Bo Bitch) Jon Lord
Love Love Sculpture Machiavel Maneige Mark-Almond
Marshall Hain Dave Mason Nick Mason's Fictitious Sports Matumbi Max Middleton & Robert Ahwai
Morrissey - Mullen Motorpsycho The Move Bill Nelson's Red Noise Nine Days Wonder
Panama Limited Jug Band Pink Floyd The Pretty Things Professor Longhair Pyx Lax
Quatermass Sadistic Mika Band The Saints Richard Schenider Jr. Eberhard Schoener
Jack Scott The Shirts Warren Smith Soft Machine Alan Sorrenti
Southern Comfort Chris Spedding Spontaneous Combustion Strapps Sweet Smoke
Tanned Leather Tea & Symphony Third Ear Band Tom Robinson Band Tomorrow
Trinidad Oil Company Triumvirat Ike & Tina Turner The Undertones Unicorn
Roger Waters Wire Wizzard Roy Wood Richard Wright

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Southall, Brian: The A-Z of record Labels. Sanctuary Publishing, London 2000. ISBN 1-86074-281-5.