Provinsen Imperia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Imperia
Nasjon Italia
Region Liguria
Hovudstad Imperia
Areal 1 156 km²
Folketal (2007) 217 354
Folketettleik 188/km²
Kommunar 67
Bilnummer IM
Postnummer 18010-18100
Retningsnummer (tlf) 0183, 0184, 0196
President
Plasseringa til Imperia i Italia


Provinsen Imperia (italiensk Provincia di Imperia) er ein provins i regionen Liguria i Italia. Hovudstaden er byen Imperia. Han har eit areal på 1 156 km² og totalt 217 354 innbyggjarar (2007). Det er 67 kommunar i provinsen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Imperia ligg mellom Dei maritime Alpane i nord og Middelhavet i sør. I aust ligg den italienske provinsen Savona og i nord provinsen Cuneo i Piemonte, medan den vestlege delen dannar grense mot Frankrike og departementet Alpes-Maritimes. Fjellkjeda nord i provinsen har fleire toppar over 1 600 meter og nokre toppar langs grensa til Frankrike strekkjer seg over 2 000 meter. Åsrekkjer strekkjer seg ned mot kysten frå nord til sør med dalar innimellom åsryggane. Ei av dei største elvane som renn gjennom desse dalane er Roya.

Kart over Imperia-provinsen

Største kommunane[endre | endre wikiteksten]

Pr 31. mai 2005

Kommune Folketal
San Remo 56 960
Imperia 40 868
Ventimiglia 25 423
Taggia 13 029
Bordighera 10 581

Soge[endre | endre wikiteksten]

Førhistoriske grotter er funne nær den franske grensa ved Balzi Rossi, men det er langt fleire spor etter den romerske sivilisasjonen. Kystvegen Via Aurelia, som romarane bygde, gjekk her og det er restar etter ein romersk by med eit teater nær Ventimiglia. Mange småbyar ved kysten og åstoppane voks fram i mellomalderen. Gjennom 1900-talet endra busetnadsmønsteret i provinsen; generelt har kyststripa vorte overfolka, medan dei indre områda har vorte fråflytta.

Kysten av provinsen deler mykje den same kulturen og historia som den franske kysten, som heilt bort til Nice ein gong var ein del av Italia. Den lokale dialekten i Imperia er ei blanding av fransk og italiensk, og både mat og arkitektur har mange likskapar.

Sidan han ligg nær Frankrike er kysten til Imperia ei fortsetjing av Den franske rivieraen, i Imperia kalla Den italienske rivieraen. Fleire hevdar at feriebyane i Imperia frå Sanremo til Bordighera og Ospedaletti danna den første «Riviera» i verda, før den franske vart eit like populært reisemål.

På 1800-talet vart desse feriestadane populære hos rike europearar, særleg frå Storbritannia og Russland. Av dei som heldt til her i lange periodar vinterstid, finn ein dronning Margaret av Savoia, som budde i Bordighera, Alfred Nobel, som døydde i Sanremo, den russiske tsarinaen Maria Alexandrovna, Pjotr Tsjaikovskij, som skreiv operaen Eugen Onegin i Sanremo, Claude Monet, som måla rundt Bordighera, samt den kjende sveitsiske klovnen Grock som døydde i Imperia.

I dag vert «Den italienske rivieraen» nytta om heile kysten av Liguria heilt aust til La Spezia, så i dag nyttar ein heller Riviera dei Fiori om kysten av Imperia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Provinsen Imperia