Ivar Kleiven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ivar Kleiven (10. juli 185419. februar 1934) var ein norsk lokalhistorikar, bonde og pensjonateigar.

Ivar Kleiven var bondeson frå Vågå kommune i Gudbrandsdalen. I ungdomen vart han gripen av Venstre sine merkesaker som målreising, nasjonalisme og norsk sjølvstende. Han gjekk difor på folkehøgskole. Kleiven overtok heimegarden i 1878 og dreiv han til 1885. Han skjøna tidleg at turisme kunne verta ei viktig attåtnæring, og frå 1898 var han eigar av eit seterpensjonat. Han var mykje med i det kommunale sjølvstyret, han var varamann til Stortinget frå Oppland (Kristians amt) 1900 til 1903. Støtt stod hugen hans til gammaltida og skrivinga. Han fekk fleire offentlege stipend til arbeidet med det, frå 1909 ein årleg sum, og frå då av budde han "av høifjeldsbegeistring aaret rundt i fjeldet", som han sjølv skreiv i "Hvem er hvem" i 1912.

Kleiven nytta konsekvent gammal dialekt i sine markante sogeverk. Han er ein av dei beste stilistane vi har hatt [treng kjelde]: han kledde ein bondearistokratisk mennesketype i målbunad frå ei svunnen tid. Kleiven var over seksti år då han byrja utgje bygdebøkene sine. Import av oversjøisk korn og utvandringa til USA hadde slått beina under den gamle samfunnsordninga. Kleiven skreiv om ei tid som ikkje lenger var, men få eller ingen gjorde det så godt som han.

Mållaget "Ivar Kleiven" er eit mållag i Vågå. Laget er oppkalla etter Ivar Kleiven.