James Van Allen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James Van Allen
James van Allen.jpg
James Alfred Van Allen
Fødd 7. september 1914
Mount Pleasant i Iowa
Død 9. august 2006 (91 år)
Iowa City
Bustad USA
Nasjonalitet amerikansk
Område romvitskap/filosofi
Alma mater Iowa Wesleyan College
University of Iowa
Kjend for Van Allen-belte
Influerte James Hansen
Utmerkingar TIME magazine Man of the Year, 1960
National Medal of Science, 1987

James Alfred Van Allen (7. september 19149. august 2006) var ein amerikansk fysikar.

Som leiar av ei forskingsgruppe ved Johns Hopkins University i Maryland (1946–51) og deretter som professor og leiar av Fysisk institutt ved University of Iowa (1951–85), kom han til å spele ei stor rolle ved utviklinga av instrumenterte rakettar og satellittar for utforsking av verdsrommet. Van Allen var ansvarshavande for det amerikanske satellittprogrammet under Det internasjonale geofysiske året, IGY (juli 1957–des. 1958). Målingar frå dei to første satellittane til USA, Explorer 1 og 3, høvesvis januar og mars 1958, førde til oppdaginga av at jorda er omgjeve av eit belte med energirike, elektrisk ladde partiklar (Van Allen-beltet). Dette var den første store oppdaginga som vart gjort av satellittar i verdsrommet. Han utførde seinare viktige undersøkingar av partiklar i magnetosfæren til jorda og andre planetar. Forskingsgruppa hans i Iowa var involvert i dei første vitskaplege satellittane til planetane Venus, Mars, Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun. Han fekk i 1989 Crafoordprisen for oppdaginga av strålingsbelta til jorda og pionerinnsatsen sin i utforsking av andre planetar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]