Planeten Venus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Planeten Venus
Venus
Baneparametrar (Epoch J2000)
Store halvakse 108 208 926 km
0,72333199 AE
Banens omkrins 680 000 000 km
4,545 AE
Eksentrisitet 0,00677323
Perihel 107 476 002 km
0,71843270 AE
Aphel 108 941 849 km
0,72823128 AE
Omløpsperiode 224,70096 d
(0,6151977 år)
Synodisk periode 583,92 d
Gjennomsnittleg banefart 35,020 km/s
Maks. banefart 35,259 km/s
Min. banefart 34,784 km/s
Banehelling 3,39471°
(3,86° til solas ekvator)
Lengda til
oppstigande knute
76,68069°
Perihelargument 54,85229°
Talet på satellittar 0
Fysiske eigenskapar
Diameter ved ekvator 12 103,7 km
(0,949 · jordas)
Overflateareal 4,60·108 km2
(0,902 · jordas)
Volum 9,28·1011 km3
(0,857 · jordas)
Masse 4,8685·1024 kg
(0,815 · jordas)
Snitt tettleik 5,204 g/cm3
Ekvatorial tyngdekraft 8,87 m/s2
(0,904 G)
Unnsleppingsfart 10,36 km/s
Rotasjonsperiode -243,0185 d
Rotasjonsfart 6,52 km/t (ved ekvator)
Aksehelling 2,64°
Rektasensjonen
til nordpolen
272,76° (18 t 11 min 2 s) [1]
Deklinasjon 67,16°
Albedo 0,65
Overflatetemp*
min* snitt maks
228 K 737 K 773 K
(* minimumstemperaturen refererar kun til toppen av skylaga)
Atmosfærisk samansetting
Atmosfærisk trykk 9 321,9 kPa
Karbondioksid 96%
Nitrogen 3%
Svoveldioksid spor
Vassdamp spor
Karbonmonoksid spor
Argon spor
Helium spor
Neon spor
Karbonylsulfid spor
Hydrogenklorid spor
Hydrogenfluorid spor

Venus er den andre planeten i solsystemet vårt om ein startar ved sola. Han er kalla opp etter kjærleiksgudinna Venus frå romersk mytologi.

Venus vert gjerne kalla tvillingplaneten til jorda, av di jorda og Venus har omtrent same storleik og masse. Venus er lett å få auge på på himmelen, og menneska har kjend til han i uminnelege tider.

Som jorda har Venus også ein atmosfære, men denne har ei ganske ulik samansetting frå det me er vane med. Storparten, om lag 97 %, er karbondioksid (CO2) slik at Venus har ei svært kraftig drivhuseffekt – temperaturane ved den faste overflata på planeten ligg i området frå 450 til 500 grader Celsius.

Ettersom Venus er nærare sola enn jorda er, står ho aldri langt frå sola på himmelen sett frå jorda. Difor ser ein ofte planeten som ei klar stjerne like før soloppgang eller like etter solnedgang. Venus har difor vorte kalla både morgonstjerna og kveldsstjerna, og desse vart gjerne sett på som to ulike himmellekamar. På nattehimmelen er det berre månen som lysar sterkare enn Venus, men sjølv har planeten ingen eigen måne.

Venus si overflate

Venus er kalla opp etter den romerske kjærleiksgudinna. Mange kulturar para den klåre planeten med ei slik gudinne, som Inanna, Astarte, Isis og Frøya. Denne siste har gjeve namn til vår fredag, slik Venus har gjeve namn til den same dagen på andre språk, som fransk vendredi.

På andre språk har planeten andre namn som ofte viser til kor lys han er, som det hebraiske namnet נוֹגָה Nōğā eller sanskrit-namnet Sukra. På kinesisk (mandarin) heiter han Jingxing, som tyder metallstjerna.

Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Månane til Jupiter Saturn Månane til Saturn Uranus Månane til Uranus Månane til Neptun Neptun Månane til Pluto Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva OortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]