Planeten Uranus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Planeten Uranus
Planeten Uranus
Oppdaging
Oppdaga av William Herschel
Oppdaga dato 13. mars  1781
Baneparametrar (Epoch J2000)
Store halvakse 2 870 972 220 km
19,19126393 AE
Banens omkrins 18,029 milliardar km
120,515 AE
Eksentrisitet 0,04716771
Perihel 2 735 555 035 km
18,28605596 AE
Aphel 3 006 389 405 km
20,09647190 AE
Omløpsperiode 30 708,1600 d
(84,07 år)
Synodisk periode 369,65 d
Gjennomsnittleg banefart 6,795 km/s
Maks. banefart 7,128 km/s
Min. banefart 6,485 km/s
Banehelling 0,769 86°
(6,48° til solas ekvator)
Lengda til
oppstigande knute
74,229 88°
Perihelargument 96,734 36°
Talet på satellittar 27
Fysiske eigenskapar
Diameter ved ekvator 51 118 km
(4,007 · jordas)
Diameter over polane 49 946 km
(3,929 · jordas)
Flattryktheit 0,0229
Overflateareal 8,084·109 km2
(15,849 · jordas)
Volum 6,834·1013 km3
(63,086 · jordas)
Masse 8,6832·1025 kg
(14,536 · jordas)
Snittettleik 1,318 g/cm3
Ekvatorial tyngdekraft 8,69 m/s2
(0,886 G)
Unnsleppingsfart 21,29 km/s
Rotasjonsperiode 0,718333333 d (17 t 14 min 24,00000 s) [1]
Rotasjonsfart 2,59 km/s = 9 320 km/t (ved ekvator)
Aksehelling 97,77°
Rektasensjonen
til nordpolen
257,31° (17 t 9 min 15 s)
Deklinasjon -15,175°
Albedo 0,51
Temp., snitt høge skylag 55 K
Overflatetemp.
min snitt maks
59 K 68 K ukjend
Atmosfærisk samansetting
Atmosfærisk trykk 120 kPa
Hydrogen 83%
Helium 15%
Metan 1,99%
Ammoniakk 0,01%
Etan 0,00025%
Acetylen 0,00001%
Karbonmonoksid spor
Hydrogensulfid spor

Uranus (symbol Astronomisk symbol for Uranus) er den sjuande planeten frå sola. Han blei oppdaga i 1781. Namnet er teke frå den greske guden Uranus.

Uranus roterer baklengs i høve til dei andre planetane i Solsystemet.

Romsonden Voyager 2 er den einaste som har vitja planeten og ingen nye besøk er planlagt. Voyager 2 blei skoten opp i 1977 og hadde sin nærmaste passering av Uranus 24. januar 1986, før han fortsette vidare mot Neptun.

Fysiske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Samansetting[endre | endre wikiteksten]

Uranus består hovudsakleg av stein og ulike isslag. Til tross for at han er ein gasskjempe inneheld han berre 15% hydrogen og litt helium (i kontrast til Jupiter og Saturn som for det meste består av hydrogen). Uranus og Neptun liknar på mange måtar kjernane til Jupiter og Saturn, men dei manglar den massive kappa av metallisk hydrogen. Det ser ut til at Uranus manglar ein steinkjerne som Jupiter og Saturn har, men at materialet er meir eller mindre jamnt fordelt. Den turkise fargen til Uranus skyldast absorpsjon av raudt lys av atmosfærisk metan. Overflatetemperaturen i skytaket er ca. 55 K (−218 °C).

Aksehelling[endre | endre wikiteksten]

Noko av det mest spesielle med Uranus er aksehellinga på 98°. Dette tyder at i ein del av omløpet rundt sola vender den eine polen inn mot sola mens den andre vender bort. I motsett del av banen er situasjonen motsett. Dermed har ikkje Uranus nokon eigentleg nord- og sørpol. Da Voyager 2 passerte i 1986 peikte ein av polane nesten rett mot sola. Eitt resultat av den merkelege rotasjonen til Uranus er at polområda mottar meir solenergi enn dei ekvatoriale områda. Likevel er det varmare ved ekvator enn ved polane. Årsaka til dette er ukjent.

Det ser ut til at den ekstreme aksehellinga til Uranus også resulterer i ekstreme årstidsvariasjonar i vêret. Da Voyager 2 passerte Uranus var skymønstra svært svake og utydelege. Nyare bilde frå Hubbleteleskopet viser likevel atskilleg tydelegare skymønster. I 2007 vil sola vera direkte over ekvator. Uranus er ikkje blå, men den vert framstilt som blå.

Magnetfelt[endre | endre wikiteksten]

Magnetfeltet til Uranus er merkeleg fordi det ikkje er sentrert rundt planetaksen, men står nesten 60° på skrå i forhold til rotasjonsaksen. Dette skyldast truleg rørsler i dei øvre laga til Uranus. Neptun har eit tilsvarande skeivt magnetfelt, så det skyldast neppe den spesielle rotasjonen til Uranus. Magnetosfæren er vridd av planetrotasjonen til ein spiral bak planeten. Kjelda til magnetfeltet til planeten er ikkje kjent. Det blei tidlegare trudd at eit hav av elektrisk leiande vatn og ammoniakk under stort trykk var mellom kjernen og atmosfæren. Dette havet ser ikkje ut til å eksistere.

Oppdaging og namn[endre | endre wikiteksten]

Uranus var den fyrste planeten ein oppdaga som ikkje allereie var kjent frå oldtida. Ein hadde mange gonger observert han, men han blei alltid feilidentifisert som ei stjerne. Den fyrste dokumenterte oppdaginga av Uranus var i 1690 da John Flamsteed katalogiserte han som 34 Taurus. Flamsteed observerte han to gonger til, i 1712 og 1715. James Bradley observerte han i 1748, 1750 og 1753; Tobias Mayer i 1756. Pierre Charles Le Monnier observerte han hele fire gonger i 1750, to gonger i 1768, seks gonger i 1769 og ein siste gong i 1771. Likevel oppdaga heller ikkje han at det var snakk om ein planet.

Sir William Herschel var den fyrste som oppdaga at han ikkje var ei stjerne. Han oppdaga Uranus den 13. mars 1781, men rapporterte han inn som ein komet. Herschel kalla han fyrst Georgium Sidus etter kong Georg III av England. Da han blei informert om at Sidus tyder stjerne, omdøypte han planeten til The Georgian Planet. Uansett var dette namnet uakseptabelt utanfor Storbritannia. Det blei derfor foreslått ein lang rekke alternative for kva planeten kunne kallast, men forslaget tilJohann Elert Bode, Uranus, vann raskt oppslutting fordi han gav ut astronomiske årbøker der han brukte namnet Uranus.

Ringane til Uranus[endre | endre wikiteksten]

Namn Avstanden til senteret til Uranus (km) Utstrekking (km)
1986 U2R 38 000 2 500?
Ring 6 41 840 1-3
Ring 5 42 230 2-3
Ring 4 42 580 2-3
Alfaringen 44 720 7-12
Betaringen 45 670 7-12
Etaringen 47 190 0-2
Gammaringen 47 630 1-4
Deltaringen 48 290 3-9
1986 U1R 50 020 1-2
Epsilonringen 51 140 (gjeta av
Cordelia og Ophelia)
20-100
R/2003 U 2 ~66 000 (nær Portia)  ?
R/2003 U 1 97 734 (nær Mab)  ?


Månane til Uranus[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: Uranusmånane

Uranus har så langt 27 kjende månar. Namna til månane kjem frå figurar i verka til Shakespeare og Alexander Pope. Dei fem største satellittane er Miranda, Ariel, Umbriel, Titania og Oberon.

Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Månane til Jupiter Saturn Månane til Saturn Uranus Månane til Uranus Månane til Neptun Neptun Månane til Pluto Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva OortskyaSolar System XXVII.png
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.