Adam Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adam Smith

Adam Smith (1723-17. juli 1790) var ein skotsk filosof og samfunnsøkonom (sosialøkonom), og blir rekna som grunnleggjaren av økonomisk liberalisme. Adam Smith var fødd i Kirkacaldy, Fife i Skottland. Den eksakte fødselsdatoen hans er ukjend, men han vart døypt 5. juni 1723. Smith vart namngjeten som grunnleggjar av samfunnsøkonomien på grunn av boka "Wealth of Nations« (på norsk »Velstanden til nasjonane") skriven i 1776.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I 1751 vart Smith utnemnt som professor i logikk ved Glasgow universitet, og året etter vart han professor i moralfilosofi. Som professor underviste han i felta etikk, retorikk, juss og politisk økonomi. I 1759 utgav han boka "The Theory of Moral Sentiments« (på norsk »Moralske kjensler"), som gjorde Smith vidgjeten som filosof både i Storbritannia og på kontinentet, og som kom i heile seks opplag berre i Smith si levetid. Denne boka tok opp kva som styrer kjenslene og handlingane våre, og korleis menneske fungerer i høve til kvarandre i samfunnet.

Smith flytta til London i 1776, der han utgav boka som har den fulle tittelen "An Inquiry into the Nature and Causes of the Wealth of Nations", som omhandlar det forfattaren meiner er dei positive konsekvensane av økonomisk liberalisme. Ho dekte tema som eigeninteresse, korleis marknaden fungerer og kor viktig frihandel og internasjonal spesialisering etter forfattaren sitt syn er.

Hans marknadsliberalisme går ut på at det beste for samfunnet er om politiske styresmakter ikkje får blande seg borti den frie utfaldinga av marknadskreftene og marknadsmekanismen, «lova» om tilbod og etterspurnad. Økonomisk liberalisme har som føresetnad ein kapitalistisk økonomi, med privat eige av dei viktigaste produksjonsmidla. Det er altså eit program for mest mogleg uregulert kapitalisme.

”Wealth of nations” etablerte økonomien som eit eige fag med den frie marknaden som utgangspunkt.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Adam Smith i norsk omsetjing (bokmål)[endre | endre wikiteksten]

  • Smith, Adam: Verker i fire bind. Omsatt av Åshild Sonstad. Sonstad Forlag. Trondheim, 2007-8.
  • Smith, Adam: Moralske følelser Bind 1. Omsatt av Åshild Sonstad. Sonstad Forlag. Trondheim, 2006.

Adam Smith i engelsk originalutgåve[endre | endre wikiteksten]

  • The Glasgow Edition of the Works and Correspondence of Adam Smith in 7 volumes. Oxford University Press. Oxford, 1976.
  • Theory of Moral Sentiments (1759).
  • An Inquiry into the Nature and Causes of the Wealth of Nations (1776)
  • Essays on Philosophical Subjects (publisert posthumt 1795)
  • Lectures on Jurisprudence (publisert posthumt 1904 / 1976)

Sekundærlitteratur om Adam Smith[endre | endre wikiteksten]

  • Buchan, James: The Authentic Adam Smith: His Life and Ideas Norton, 2006
  • Haakonssen, Knud: Adam Smith. Ashgate Publishing, 1998.
  • The Cambridge Companion to Adam Smith. Cambridge University Press. Cambridge, 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Adam Smith