Jamesonitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jamesonitt

Jamesonittkrystallar
Generelt
KategoriSulfosalt
Kjemisk formelPb4FeSb6S14
Strunz-klassifisering02.HB.15
Identifikasjon
Fargegrå-svart
Krystallsystemmonoklin
Kløyv{001} god; òg mogeleg {010} og {120}
Mohs hardleiksskala
Glansmetallisk
Strekfargegrå-svart
Transparensugjennomsiktig
Spesifikk vekt5.63

Jamesonitt er eit metallisk mineral, ein blyhaldig spydglans. Det er relativt vanleg på visse hydrotermale kisførekomstar, men sjeldan i Noreg (Bindalen, Sulitjelma).

Det krystalliserer monoklint og har kjemisk formel Pb4FeSb6S14.

Det vart kalla opp etter den skotske mineralogen Robert Jameson (1774–1854). Det vart først identifisert i 1825 i Cornwall i England.[1] Det er òg funne i Sør-Dakota og Arkansas i USA, Zacatecas i Mexico og i Romania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jamesonitt