Jan van Scorel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anthonis Mor:Jan van Scorel, 1560
Maria Magdalena, ca 1530

Jan van Scorel, (1. august 14956. desember 1562) var ein nederlandsk målar frå landsbyen Schoorl (Scorel) ved Alkmaar i Utrecht. Han var den fyrste nederlandske målaren som studerte i Italia, og tok med seg impulsar derifrå heim til Nederlanda.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Scorel var elev av Willem Cornelisz i Haarlem, Jacob Cornelisz van Oostsanen i Amsterdam og Jan Gossaert i Utrecht. Sidan gjekk han i lære i Nürnberg, der han vart påverka av Albrecht Dürer.

Frå 1522 til -23 budde Scorel i Roma, anten år 1524 eller 1525 reiste han tilbake til Nederlanda. Han var den fyrste av dei viktige nederlandske målarane som gjekk i lære i Italia, og gjennom sine arbeid førte han den italienske høgrenessansen til Nederlanda. Pave Hadrian VI utnemnde Scorel til styrar for kunstsamlingane i Vatikanet. I Roma tok Scorel sterke inntrykk av Michelangelo og Rafael, særleg den sistnemnde.

Scorel arbeidde i både Alkmaar, Gent, Haarlem og til sist i Utrecht. Han brevveksla med svenskekongen Gustav Vasa, som var ute etter verk som Scorel laga. Mellom anna sende han eit madonnabilete og måla gobelengar til kongen.

Verka hans omfattar mellom anna Tolv jerusalempilgrimar, Maria Magdalena, Den heilage familien, samt Adam og Eva.

Scorel døydde i Utrecht den i desember 1562. Mange av verka hans vart brende under ein biletstorm i året 1566.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jan van Scorel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]