Jens Christian Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Christian Berg

Fødd23. september 1775
København
Død4. juni 1852
Christiania
NasjonalitetNoreg
Yrkedommar, jurist, redaktør, politikar, historikar, advokat
Alma materKøbenhavns Universitet
Oslo katedralskole
BarnFredrik August Wessel-Berg
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Jens Christian Berg (23. september 17754. juni 1852) var ein norsk embetsmann og historikar.

Berg var fødd i København, men voks delvis opp i Trondheim, der far hans ei tid var stiftsamtskrivar. I barneåra fekk han undervisning i heimen og hos astronomen Abraham Pihl, før han i 1789 byrja ved Christiania Kathedralskole, der Niels Treschow då var rektor. Han vart student i 1792 og studerte så ved universitetet i København, tok andreeksamen i 1794. Året etter vart han i København tilsett som amanuensis ved 'Det kongelige Bibliothek', og attåt var han lærar i geografi ved Københavns Kathedralskole.

Etter faren døydde i 1798 reiste Berg heim til Christiania. Dei neste to åra dreiv han med historiske studier, var lærar ved latinskulen, samt sekretær i ein kommisjon som førebudde sal av jordgods som var i eiga til Christiania skule og til lagstolen. Han hadde håp om fast lærarstilling i historie ved katedralskolen, men då det ikkje vart av, reiste han tilbake til København for å studere jus. Ved sidan av studiene var han volontør ved rentekammeret. I 1803 fekk han tilbod om å verte birkeskrivar i søndre Jarlsberg. Han tok då juridisk embetseksamen og overtok embetet same året. I 1814 vart han utnemnd til justitiarius ved Akershus stiftsoverrett, eit embete han virka i heilt til han søkte avskjed i 1843, grunna nedsett helse etter eit fall på isen. Samstundes gjekk han frå stillinga som bankadministrator i Christiania, ein posisjon han hadde hatt frå 1835.

Offentlege verv[endre | endre wikiteksten]

Berg var representant frå Jarlsberg grevskap til omframstortinget i 1814, der han var medlem av Lagtinget og redaksjonskomiteen, samt stortingsdeputasjonen som på Ladegårdsøya 10. oktober 1814 tok mot kong Kristian Fredrik sin abdikasjon. Han var formann i komitéen som vart nedsett 3. november 1814 for å redigere grunnlova av 4. november.

I dei første åra etter opprettinga av Noregs høgsterett var Berg ofte ekstraordinært medlem i denne. Han deltok såleis i riksretten mot statsråd Frederik Haxthausen, den seinare svigerfaren hans. I 1816 reiste han til København som norsk kommissær i kommisjonen som forhandla om oppgjeret med Danmark. To år etter, 1818, var han ein av direktørane for statslånet, og 1828–35 var han medlem av kommisjonen som skulle utarbeide ei ny kriminallov, og om rettargangen i justis- og politisaker. Han var medlem av undersøkingskommisjonane etter bondeuroa i 1818 og etter Torgslaget i 1829.

Historikaren[endre | endre wikiteksten]

I samtida var Berg den som hadde største kunnskap om norsk historie, men han skreiv aldri noko oversiktsverk om emnet. Dei historiske arbeida hans vart trykt i ymse tidsskrift, eller kom som bidrag til andre historikarars arbeid, til dømes Jens Krafts Topographisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge. 1821-26 var Berg redaktør for Budstikken, der han offentleggjorde skrifter av norske forfattarar frå dansketida. Han var elles hovudutgjevar av Samlinger til det norske Folks Sprog og Historie (1833–39). Som historikar meinte han at unionstida hadde vore ei nedgongstid for Noreg, og la skulda for dette på Danmark. Frå 1537 til 1814 hadde Noreg i gagnet vore ein dansk provins, og litteraturen og skriftspråket hadde vorte dansk.[1]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Berg var riddar av Nordstjerneordenen (1816) og kommandør av St. Olavs Orden (1847).

Han døydde i Kristiania i 1852.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Historisk Underretning om Landværnet, 1830

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Paasche (1965), s. 78–80.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jens B. Halvorsen: Norsk forfatterleksikon 1814–1880, bind 1, s. 209–16. Kristiania: Den norske forlagsforening, 1885.
  • Fredrik Paasche: Norges litteratur fra 1814 til 1850-årene. Oslo: Aschehoug, 1965.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]