Jens Jørgensen Juel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jens Juel
Selbstbildnis an der Staffelei (1766).jpg
Sjølvportrett frå 1766
Fødd 12. mai 1745
Balslev på Fyn i Danmark
Død 27. desember 1802 (57 år)
København
Nasjonalitet Dansk
Felt Kunstmålar, professor og direktør ved Det Kongelige Danske Kunstakademi
Utdanning Kunstakademiet

Jens Juel, Jens Jørgensen Juel (fødd 12. mai 1745 i Balslev på Fyn i Danmark, død 27. desember 1802 i København) var ein dansk kunstmålar.[1] Juel er eit døme på noko av det aller beste i dansk portrettmåleri i Danmark på 1700-talet.[2] Kunsten hans la grunnlaget for den følgjande perioden i nordisk biletkunst på 1800-talet med mellom anna C.W. Eckersberg og I.C. Dahl.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd utanom ekteskap i Balslev på Fyn. Mora Vilhelmine Elisabeth Juel arbeidde som husjomfru på setegarden Wedellsborg. Faren var sannsynlegvis kammerherre Jens Juel.[3] Da Jens var eit år gamal gifte mora seg med Jørgen Jørgensen som var klokkar og skolehaldar i Gamborg, og han veks opp her.[3]

Det Rybergske familiebillede[4]
olje på lerret
253 × 336,5 cm
Statens Museum for Kunst
Den norske godseigaren og statsmannen Peder Anker med dottera Karen og kona Anna Elisabeth i 1792.<
Olje på lerret, 152 x 191 cm
Måleriet tilhøyrer Bogstad gård i Oslo/Norsk Folkemuseum.[5]
Dansebakken ved Sorgenfri frå rundt 1800.[6]
olje på lerret
420 cm x 610 cm
Statens Museum for Kunst

Han synte tidleg lyst og interesse for målarkunsten og etter konfirmasjonen blei han satt i lære hos hos målaren Johann Michael Gehrman i Hamburg ca. 1760. Her blei han fram til rundt 1764-65. Allereie i læretida som målarsvenn skapte han seg eit namn som kunstmålar med portretter, små sjangerbilete, landskap med meir. Litt etter at han var fylt 20 år kom han til København og studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi. I 1767 konkurrerte han om Akademiets lille gullmedalje og vann og i 1771 vann han Akademiets store gullmedalje.[1]

Det siste gjorde at han fekk pengar til studiereise og året etter reiste han frå landet og blei borte i 8 år.

Juel slo seg ned i København i 1780 og skapte seg ein eineståande posisjon som portrettmåler for kongehuset, adelen og det rike borgarskapet.

Han blei valt til leiar av Kunstakademiet i 1782, vart professor same sted i 1786 og var direktør 17951797 og 17991801.

Juel var gift med Rosine Dørschel. To av deira døtre gifta seg etter kvarandre med C.W. Eckersberg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jens Jørgensen Juel