Peder Anker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peder Anker
none
Fødd 8. desember 1749
Kristiania
Død 10. desember 1824 (75 år)
Bogstad i Kristiania
Yrke godseigar og politikar
Verv Noregs statsminister i Stockholm
 - periode 18. november 1814 til 1. juli 1822
Peder Anker med dottera Karen og kona Anna Elisabeth i 1792. Måleri av Jens Juel.
Olje på lerret, 152 x 191 cm
Måleriet tilhøyrer Bogstad gård i Oslo/Norsk Folkemuseum.[1]
Bogstad gard på ein gouache av Elias Meyer frå rundt 1790. Tilhøyrer Oslo Museum

Peder Anker (8. desember 174910. desember 1824) var ein norsk godseigar, embetsmann og statsmann, Norges første statsminister frå 18. november 1814 til 1. juli 1822.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Anker var fødd i Christiania. Han studerte ved universitetet i København i to år. Deretter var han og brørne og to syskjeborn i utlandet i fem år. Heim kom han i 1767. I 1773 kjøpte han storgarden Bogstad gard med skogar og sagbruk. Seinare kjøpte han opp skogeigedomar nord og vest for Randsfjorden. År 1791 erverva han Bærum jernverk og skogane som høyrde verket til. Anker kjøpte i 1820 både Moss Jernverk og Hakadal jernverk.

I 1788 vart Anker utnemnd til titulær generalkrigskommissær og var medlem av feltkommissariatet under felttoget i Sverige. 30. januar 1789 vart han generalvegintendant i Akershus stift. Gjennom den posisjonen leia han størstedelen av dåtidas vegbygging i Noreg. Saman med generalvegmeistrane N. F. Krohg og G. A. Krogh la Anker hovudlinjene for det norske vegnettet. Innan utgangen av 1700-talet var den trondhjemske hovudveg over Gudbrandsdalen istandsett etter skadane etter Storofsen i 1789. Hovudvegen frå Christiania til vestlandet, hovudvegen til Svinesund og den bergenske hovedveg over Valdres var dei store årane i vegnettet som låg fullt utbygde omkring 1800.

Anker kosta Vækerøvegen frå Bogstad til utskipingshamna Vækerø ved Bestumkilen og byrja bygge køyreveg vidare nordover gjennom Sørkedalen. I 1807 sette han i gang bygginga av anlegget Kjerraten i Åsa (tysk: Kehrrad, 'vendehjul'), eit mekanisk system med kjettingar og vasshjul for å frakte tømmer frå SteinsfjordenRingerike opp åssida til Damtjern og Storflåtan på Krokskogen for vidare fløyting ned Sørkedalsvassdraget.

Anker vart 1809 slegen til riddar, seinare til kommandør og i 1812 til kommandør med storkors av Dannebrog. I krigsåra frå 1807 stod han prins Kristian August nær og fekk kontakt med svenske politikarar gjennom svigersonen Herman Wedel Jarlsberg.

Anker var ein av dei sentrale aktørane i samband dei politiske omveltningane i 1814, særleg gjennom svigersonen Wedel. Då Christian Magnus Falsen etter Kielfreden på eige initiativ laga utkast til ny grunnlov, var Anker den første han la utkastet fram for.[2] Anker deltok han på «notabelmøtet» på Eidsvoll 16. februar. Det var Ankers søskenbarn Carsten Anker som åtte Eidsvollsbygningen. Ved vala til riksforsamlinga vart han 1. representant for Akershus amt og vart forsamlinga første president, 10.-18. april. På Eidsvoll høyrde han til unionspartiet, men spela inga framståande rolle. Ved valet til det overordentlege storting 1814 nådde han ikkje opp, vart 2. suppleant.

18. november 1814 vart Anker utnemnd av Karl Johan til statsminister og sjef for den norske statsrådsavdelinga i Stockholm. Han inntok aldri noko leiande stilling i regjeringa, men verka som meklar mellom kongemakta og finansministeren, grev Wedel, når desse var usamde. Då Wedel gjekk ut av regjeringa, søkte også Anker avskjed, og han gjekk av 1. juli 1822. Han flytta då tilbake til Bogstad der han budde til han døydde.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Portrettgruppe frå DigitaltMuseum
  2. Klassekampen 4. juni 2013 s.21.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]