Norsk Folkemuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°54′26″N 10°41′13″E

Norsk Folkemuseum
Logo Norsk Folkemuseum.jpg
Stad Bygdøy i Oslo
Skipa 19. desember 1894
Opna 1896
Museumstype Kulturhistorisk museum
Direktør Olav Aaraas
Nettstad http://www.norskfolkemuseum.no/
Foto frå Kong Oscar IIs Samlingar med Gol stavkyrkje. Fotografert i 1880-åra av Axel Lindahl (1841-1906).
Fjøs og do i Østerdalstunet på Norsk Folkemuseum.
Norsk Folkemuseum. Frå utstillinga «Ein norsk heim i ei ny tid» i bygarden frå Wessels gate 15.

Norsk Folkemuseum er eit kulturhistorisk museum drifta av ei stifting som har som formål å syne fram korleis folk i Noreg levde i byar og bygder frå reformasjonen fram til i dag. Dette gjer museet med utstillingar av bygningar, bruksting, folkedrakter, folkekunst og annan kunst, og med element frå samisk kultur. Museumsområdet ligg på Bygdøy i Oslo og omfattar også bygningar på Bygdøy Kongsgård.

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Museet disponerer bygningar på Bygdøy for utstillingar og gjenstandsamlingar. Kring museumsbygningane finst også eit friluftsmuseum med mange gardsmiljø av bygningar samla frå norske bygder og kyststrøk, og ein «Gamleby» med tilflutte byhus frå norske byar, dei fleste frå Oslo. Museet eig fem mellomalderbygningar, mest kjent er stavkyrkja frå Gol.

Frå 2004 har Norsk Folkemuseum også omfemna delar av Bygdøy Kongsgård med lystslottet Oscarshall, landskapsparken, jordvegen og driftsbygningane, men utan hovudbygningen og den private parken på garden.

Museet tar hand om bygningane og parken på Bogstad gard i Sørkedalen gjennom ei eiga stifting. Også Ibsen-museet og Norsk Farmasihistorisk Museum er stiftingar knytt til Norsk Folkemuseum.

Museet er oppteken av å trygge, ta vare på og katalogisere fotografiske bilete som dokumenterer folk og natur i Noreg heilt fram til i dag. Den norske fotografen Anders Beer Wilse har late etter seg ei fotografisamling til museet frå første halvleik av 1900-talet.

I tillegg til gjenstandar for utstillingar disponerer museet ei boksamling på om lag 50 000 bind innanfor faget kulturhistorie.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Norsk Folkemuseum blei stifta 19. desember 1894 i Kristiania, etter initiativ frå bibliotekar og museumsmann Hans Aall (18691946). Forbildet var Nordiska Museet i Stockholm, som vart stifta i 1873, fekk sitt noverande namn i 1880, og vart vida ut med friluftsmuseet Skansen i 1891. Hans Aall hadde ein visjon om ein norsk parallell som skulle samle og utstille «alt som belyser det norske Folks Culturliv». Målet var å samle inn, ta vare på, forske ut og bringe vidare kunne om far av menneskeliv og verksemd i bygd og by. Både utstillingar og publikasjonar skulle brukast til å formidle dette.

Museet opna den første utstillinga i ein bustad i Christian IVs gate 13 i 1896. I 1898 kjøpte museet ei tomt på Bygdøy og starta gjenreisinga av fleire hus frå bygdene som var kjøpt inn til det planlagte friluftsmuseet. Det var viktig for valet av tomt at den var nabo til Kong Oscar II sin bygningssamling frå 1881, verdas første friluftsmuseum. Tomta blei leid ut til Den kulturhistoriske utstilling i 1901. Bygningane som var reist for dette formålet kunne etterpå overtakast av Folkemuseet, som opna innandørs utstillingar og friluftsmuseum i 1902. I 1907 fekk museet hand om Kong Oscars samlingar med stavkyrkja frå Gol og fire andre bygningar.

For å gje plass til vaksande samlingar av gjenstandar og bygningar vart tomta utvida og ein ny museumsbygning reist i 1914. Samstundes starta innsamlinga av byhus til «Gamlebyen» i friluftsmuseet. Etter ein arkitektkonkurranse i 1919 blei det store anlegget rundt museumstorget reist i åra 193438. I dei kommande åra blei friluftsmuseet mykje utbygd, med ein ambisjon om å vise komplette gardstun frå 15 regionar i Noreg, ein plan som aldri blei fullført.

Etter at Hans Aall døydde var Reidar Kjellberg direktør frå 1946 til 1975. Gjenstandssamlingane og friluftsmuseet heldt fram å vakse i etterkrigstida, og «Gamlebyen» fekk stor tilvekst av bygningar som måtte vike for byfornyinga i Oslo. I 1990 overtok museet store delar av dei norske samlingane frå Nordiska Museet. Ved 100-årsjubileet i 1994 kunne museet ta i bruk eit nytt besøkssenter og nye magasiner.

Frå starten av åtte ein medlemsskipnad Norsk Folkemuseum, men i 1990 vart museet organisert som ei sjølveigd stifting med venneskipnad. Det vert hovudsakleg finansiert med tilskot frå staten. Besøkstalet var i 2004 266 176. Samlingane femna om 155 antikvariske bygningar frå mellomalderen til moderne tid og ca. 155 000 gjenstandar. Museet har etter 1943 gjeve ut årboka «By og Bygd». Venneskipnaden har kring 2 000 medlem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Norsk Folkemuseum