Joe Zawinul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joe Zawinul med «Zawinul Syndicate» i (Freiburg, Tyskland 2007)
Zawinul ved North Sea Jazz Festival, 2007

Josef Erich «Joe» Zawinul (fødd 7. juli 1932 i Wien, død 11. september 2007 same stad) var ein austerriksk-amerikansk jazzpianist, keyboardspelar, komponist, bandleiar og arrangør.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Zawinul var son av Josef Zawinul, ein maskinarbeidar ved gassverket i Wien, og Maria Hameder som var kokke hos ein rik jødisk familie. Farfaren var frå Sør-Mähren, mens farmora var ungarsk sintiza.[1] Mora var amatørsongar, spelte klaver og hadde absolutt gehør. Faren spelte munnspel på fritida,[2] løfta vekter og boksa, og boksing blei ei livslang interesse for sonen òg. Zawinul kom frå små kår men han var stolt av den fleirkulturelle familien sin, som han beskreiv som ein fellesskap av hardt arbeidande, smålåtne og venlege menneske.[3]

Zawinul fekk eit trekkspel i seksårsgåve og tok musikktimar. Snart kunne han spele tsjekkiske og slovenske viser, ungarske sinti-songar, polkas og ländler. På grunn av det store talentet fekk han friplass på konservatoriet der han studerte klaver, fiolin og klarinett.

Moderne jazz[endre | endre wikiteksten]

Tolv år gamal høyrde Zawinul «Honeysuckle Rose»; det var første gongen han høyrde jazzmusikk. Han sa at «det var kjærleik frå første takt»,[4] og som syttenåring braut han av studia i klassisk musikk og tok til med jazz.

Frå 1952 arbeidde han som jazzmusikar og spelte inn plater i ulike konstellasjonar med andre austerrikske musikarar. Han fekk stipend til å studere ved Berklee i Boston, og reiste i januar 1959 til Amerika med tog og båt. Meininga var at han berre skulle vere i USA i fire månader, men han ønskte sjølv å bli verande.[5] Snart vann han seg eit ry som ein god sideman og fekk ei lang rekke engasjement som gjorde at han snøgt vidareutvikla seg. Han ledsaga Ella Fitzgerald,[6] og da han blei hyra som pianist i Maynard Ferguson Band, braut han av studia i Boston. Zawinul fann seg fort til rette i det afroamerikanske musikarmiljøet. Dinah Washington engasjert han som pianist og Miles Davis blei oppmerksam på han og inviterte han til å spele i bandet hans. Zawinul avslo invitasjonen sidan han meinte at tida ikkje var inne enno[7] – og la til at når han ein gong aksepterte, ville dei begge skrive musikkhistorie.

Verda blei først merksam på Zawinul da han i tida 1961 til 1970 samarbeidde med saksofonisten Cannonball Adderley. Zawinul snakka alltid vørdeleg om læremeisteren sin, som han heldt for å vere den mest undervurderte musikaren på 1900-talet.[8] Han komponerte nesten seksti låtar for Adderley sitt band, blant andre den første store hiten sin, «Mercy, Mercy, Mercy» (1966)

Elektrisk jazz[endre | endre wikiteksten]

Weather Report, 1981

Jazzhistorikarar reknar samarbeidet mellom Zavinul og Miles Davis i åra 1969 og 1970 som ein avgjerande fase i utviklinga av den elektriske jazzen, det som òg blir kalla jazzrock eller fusion,[9] ein nyskapande musikksjanger som kombinerer jazz med element frå rock og world music. Det banebrytande albumet var In a Silent Way (1969). Zawinul komponerte tittellåta,[7] men Davis endra eit par akkordar og førte det opp under sitt eige namn.[10] Albumet Bitches Brew (1970) fortsette der forgjengaren slapp og utvida rommet musikarane hadde til fri improvisasjon.

I november 1970 danna Zawinul, saksofonisten Weather Report og bassisten Miroslav Vitouš den legendariske jazz-rock-gruppa Weather Report. Bruken av perkusjon i tillegg til slagverk gav høve til større dynamikk og kompleks polyrytmikk. Zawinul gjorde seg fri frå det gamle 32-taktsystemet, braut med det tradisjonelle tema-solo-tema-skjemaet og innførde nye former. I 1976 overtok Jaco Pastorius som bassist, og perioden med han som bassist blir rekna til gruppa si beste tid.[11] Pastorius slutta i Weather Report i 1982. Zawinul komponerte nokre av gruppa sine største kommersielle suksessar, som til dømes «Birdland».

Seinare danna Zawinul den world fusion music-orienterte Zawinul Syndicate. Han var òg ein pioner i bruken av elektrisk piano og synthesizer og lesarane av jazzmagasinet Down Beat kåra Zawinul til Best Electric Keyboardist heile 28 gonger.[12]

Zawinul var alltid på leiting etter nye utfordringar og tok på seg temmeleg ulike oppgåver dei to siste tiåret av livet. I 1993 førte han opp sin første symfoni, Donaugeschichten («Donausoger»), for 80 000 tilskodarar ved den årlege friluftførestillinga under Brucknerfest i Linz, komplett med lys- og lasershow.

Joe Zawinul døydde av ein kreftsjukdom 11. september 2007.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Etter mange musikarar og kritikarar si meining er Zawinul den einaste europeiske musikaren som over lengre tid har makta å sette preget sitt på ei av hovudstraumdraga i jazzen.[13][14] I januarnummeret 2001 av musikkmagasinet Down Beat skreiv Josef Woodard at Weather Report, som Zawinul leia saman med saksofonisten Wayne Shorter, var det mest framståande jazzbandet dei siste 30 åra av 1900-talet.[1] I ein lengre nekrolog i det austerrikske tidsskriftet jazzzeit skreiv forfattaren Robert Fischer at Zavinul var ein «musikalsk tungvektar» og avslutta med at «det som står att, er ei overveldande, i alle sine ulike fasettar utruleg inspirerande verkliste, som er ei stendig kjelde til nye oppdagingar.»[15][16]

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Mercy, Mercy, Mercy (med Cannonball Adderley, 1966)
  • In A Silent Way (med Miles Davis, 1969)
  • Bitches Brew (med Miles Davis, 1969)
  • Zawinul (1971)
  • Dialects (1986)
  • Lost Tribes (1992)
  • My People (1996)
  • World Tour (1998)
  • Faces & Places (2002)
  • Vienna Nights I Live at Joe Zawinul's Birdland (2005)
  • Music For Two Pianos (med Friedrich Gulda, 2006)
  • Brown Street (2006)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Das ist die Kunst, Weltwoche, 2006, Nr. 12, Intervju, (PDF-fil, 2 s.)
  2. „Jazz Icon“, Mixdown Monthly, Nr. 78, 4. Oktober 2000
  3. „… ich hab all diese Leute geliebt. Das waren einfache Menschen, hart aber herzlich. Vor allem mein Vater hat’s mir angetan: ein Bauer und Schnapsbrenner, der den besten slivovits gemacht hat.“ I: 5 Fragen an Herrn Zawinul, Me/Sounds, 25. februar 1998
  4. „Der legendäre Europäer. Zum Tod des Jazzmusikers Joe Zawinul“, NZZ, 12. september 2007
  5. „Miles spielte wie eine Steinschleuder“, die tageszeitung, 15. August 2005
  6. „Ende einer Ära“, Jazzecho, 12. september 2007
  7. 7,0 7,1 „Joe Zawinul. Interview“, alert, 1. november 2002
  8. „Joe Zawinul. Man of the people“, innerviews.org, 30. august og 18. september 1997, Intervju med Zawinul
  9. Karl Lippegaus: Rock Jazz. I: Joachim Ernst Berendt Die Story des Jazz. Reinbek 1991 (1975), s. 223–246
  10. „A Cocky, Eclectic Jazzman, Recalling Zawinul: Mike Zwerin“, Bloomberg.com, 13. september 2007
  11. Jfr. Gunther Baumann: Zawinul. Ein Leben aus Jazz. Residenz Verlag, Salzburg 2002, s. 129
  12. Biografi om Joe Zawinul
  13. Herbie Hancock: «He opened up a doorway between jazz and rock ’n’ roll and was a major influence on Miles Davis, Wayne Shorter and me. The world has never been the same since he made his contribution to our society.» 9. november 2007
  14. «Pianist Joe Zawinul ist tot», dpa / Stuttgarter Zeitung, 26. september 2007
  15. «Was bleibt, ist ein staunenswertes, in allen seinen unterschiedlichen Facetten unglaublich inspirierendes Werk, das immer neue Entdeckungen lohnt.»
  16. , Jazzzeit 69, november–desember 2007

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gunther Baumann: Zawinul. Ein Leben aus Jazz. Residenz Verlag, Salzburg 2002, 240 s., ISBN 978-3-7017-1291-5
  • Brian Glasser: In a Silent Way. A Portrait of Joe Zawinul. As Long As It's Hot, London 2009, 350 s., ISBN 978-0956231109 (2. opplag)
  • Georg Lenger: Der Jazzmusiker, Komponist und Arrangeur Joe Zawinul. Biographie, Diskographie und Analyse seines späteren Schallplattenwerkes. Graz, Hochschule für Musik und Darstellende Kunst, Diplomarbeit 1999, II, 200 Blatt, Ill., med notedøme.
  • Oesterreichisches Musiklexikon. Band 5. Verlag der Österreichischen Akademie der Wissenschaften, Wien 2006, ISBN 3-7001-3067-8, s. 2718.
  • Martin Reither: Die Pentatonik im Jazz. Zur Improvisationstechnik von Joe Zawinul. Universität Wien, avhandling 1996, 309 Bl., grafiske framstillingar, talrike notedøme.
  • Martin Reither: Zur Biographie und zum Improvisationsstil von Joe Zawinul. Universität Wien, Diplomarbeid 1991

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Joe Zawinul