Wayne Shorter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wayne Shorter i 2006,
Foto: Tom Beetz
Wayne Shorter i Convocation Hall, Toronto, 27. november 1977
Foto: Jean-Luc

Wayne Shorter (fødd 25. august 1933) er ein amerikansk jazzsaksofonist og komponist.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Shorter spelte først med Horace Silver og Maynard Ferguson før han i 1959 skifta til Art Blakey's Jazz Messengers og blei etter kvart leiaren i denne gruppa. På tilråding av John Coltrane blei han i 1964 medlem av Miles Davis' Quintet (den andre «klassiske») der han var til 1969. Andre musikarar i kvintetten var Herbie Hancock, Ron Carter og Tony Williams. Shorter skreiv mange komposisjonar for gruppa som seinare har blitt klassikarar, blant andre «Footprints» og «Nefertiti». Samstundes som han var med i kvintetten gav han ut eigne album som fekk god omtale, til dømes den første plata for Blue Note, Night Dreamer og Juju (begge 1964); sistnemnde med McCoy Tyner og Elvin Jones.

Wayne Shorter med Weather Report i Shinjuku Koseinenkin-hallen i Tokyo (1981)
Foto: Jun Tendo

I 1970 starta han saman med keyboardspelaren Joe Zawinul og bassisten Miroslav Vitous den legendariske fusiongruppa Weather Report. Seinare blei òg Jaco Pastorius og Peter Erskine medlemar i gruppa. I den tidlege tida med Weather Report byrja Shorter meir og meir over til å spele sopransaksofon og blåsesynth etter stort sett å ha spelt tenor. Parallelt spela han frå 1976 òg akustisk jazz med V.S.O.P.

Etter at Weather Report blei oppløyst gjekk Shorter solo. Han var med Carlos Santana og Rolling Stones på turnear og spelte på fleire album av Joni Mitchell og Steely Dan. Dei siste åra har han leia ein høgt verdsett kvartett med pianisten Danilo Pérez, bassisten John Patitucci og trommeslagaren Brian Blade (CDar: Footprints Live og Beyond the Sound Barrier).

I 2003 og 2005 fekk Shorter Grammy for albuma Alegría og Beyond the Sound Barrier i kategorien Best Jazz Instrumental Album.

Diskografi i utval[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Michelle Mercer Footprints: The Life and Work of Wayne Shorter London: Penguin/Putnam 978-1585424689
  • Intervju med Wayne Shorter i Christian Broecking: Respekt, Verbrecher, Berlin 2004, ISBN 978-3935843386
  • Nyare intervju med Wayne Shorter i Christian Broecking: Herbie Hancock - Interviews, Creative People Books, 2010, ISBN 978-3-938763-12-4

Leksikografiske oppføringar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wayne Shorter