Johan Daniel Berlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tremedaljong av Johan Daniel Berlin frå 1786, no ved Ringve Museum.

Johan Daniel Berlin (12. mai 17144. november 1787) var ein tyskfødd norsk komponist, organist og bymusikar, og ein av grunnleggjarane av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Berlin vart fødd i den prøyssiske byen Memel, i det noverande Litauen. Far hans var stadsmusikant Johan Heinrich Berlin og mora Maria Elisabeth Seehausen. Han reiste til København i 1730, og lærde hjå bymusikaren Andreas Berg dei neste sju åra. Frå 1737 til 1767 var han bymusikar (stadsmusikant) i Trondheim. Berlin var òg organist i Nidarosdomen (1741–1787) og Vår Frue kirke (1752–1761).

Berlin komponerte ein heil del, men berre få av verka hans er tekne vare på; tre sinfoniaer i D-dur for orkester, ein fiolinkonsert i A-dur og nokre småstykke for cembalo. Han konstruerte nye musikkinstrument – «Viola da gamba Claveer» som blei drive av roterande hjul og «Claveer med Pedal». Eit stemmeapparat laga av han er bevart ved Ringve Museum.

I 1744 gav Berlin ut den første dansk-norske læreboka i musikk, Musicaliske Elementer.[2] I 1765 kom ei avhandling på latin, i tysk omsetjing i 1767. Omsett frå tysk blir tittelen Lærebok i tonometri, eller korleis ein gjennom logaritmiske utrekninga kan koma fram til den såkalla likesvevande temperaturen; med vedlegg: Undervisning i monokord (Monochordum), oppfunne av meg i 1753. Desse skriftene blei gjevne ut på nytt i 1976 av Bjarne Kortsen.

I tillegg til sitt musikalske virke var Johan Daniel Berlin overbranndirektør i Trondheim, vassverksinspektør, arkitekt og kartteiknar. I åra 1762-1771 organiserte han meteorologiske observasjonar for publisering i Kgl. norske Videnskapers Selskabs Skrifter.[3]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Berlin var gift med Dorothea Friis (1711–1782) frå 1730 til 1733. Han var far til Johan Andreas Berlin (1734–72) og Johan Henrich Berlin (1741–1807), som også hadde musikalske karrierar.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Musikalske verk Etter The Collected Works of Johan Daniel Berlin (1977, red. Bjarne Kortsen):

  1. Verk for cembalo:
    1. Sonatine i d-moll
    2. Allegro
    3. Aria
    4. menuettar nr. 15, nr. 18, nr. 40, nr. 45, nr. 48, nr. 49.
  2. Orkesterverk
    1. Sinfonia nr. 1.
    2. Sinfonia nr. 2.
    3. Sinfonia nr. 3.
    4. Fiolinkonsert i A-dur.

Teoretiske verk

  • Musikalske Elementer eller Anledning til Forstand paa de første Ting udi Musiquen (Trondheim, 1744)
  • Specification over alle Tronhiems Byes publique Sprøiter med alt deres tilhørende (Trondheim, 1764)
  • Observationer af Barometro, Thermometro, Vinden og Væiret for 1762 i Tronhiem (DKNVS Skr., bd. 2, København 1763)
  • Anledning til Tonemetrien, (DKNVS Skr., bd. 3, København 1765, s. 515–570, tysk utgåve Anleitung zur Tonometrie, København/Leipzig 1767)
  • Forsøg til en Tærske-Maskine (DKNVS Skr. 1784, s. 389–410)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kari Michelsen, Ed., Johan Daniel Berlin (Ringve Museums Skrifter, vol. 4; Trondheim: Strindheim Trykkeris Forlag, 1987). Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Christopher Hogwood, «The Copenhagen Connection», Fund og Forskning, vol. 46 (2007), pp. 105-143.
  3. Videnskabernes literatur i det nittende aarhundrede. Illustreret norsk literaturhistorie (1896). Oppgjeve av Wikipedia på bokmål.
  • Johan Daniel Berlin (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 16. februar 2014.
  • Kari Michelsen, Johan Daniel Berlin (13. februar 2009) i Norsk biografisk leksikon. Henta 16. februar 2014.