Johann Adolf Hasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johann Adolf Hasse
Johann Adolf Hasse.jpg
Fødd 25. mars 1699, Bergedorf ved Hamburg i Tyskland
Død 16. desember 1783 (84 år), Venezia i Italia
Periode Barokken
Yrke operakomponist

Johann Adolf Hasse (fødd 25. mars 1699 i Bergedorf ved Hamburg, død 16. desember 1783 i Venezia) var ein tysk komponist.

Han starta som operasongar, tenor, i Hamburg 1718 og Braunschweig 1721 og debuterte i 1721 i operaen Antiochus. Frå 1722 studerte han komposisjon hos Nicola Porpora og Alessandro Scarlatti i Napoli. Operaen hans Sesostrate hadde premiere i 1726 og vart ein så stor suksess at han vart ein kjend komponist i heile Italia. Året etter, i 1727, vart han kapellmeister ved konservatoriet i Venezia. År 1730 gifta han seg med songarinna Faustina Bordoni, og han skreiv sidan alltid primadonnapartia i operaene sine for ho.

Paret vart i 1731 tilsett ved hoffoperaen i Dresden, han som kapellmeister og ho som songar. Før 1740 var han mest i Italia der han skreiv fleire operaer og dominerte scenen. I 1733 kom han til London for å sette opp operaen sin Artaserse og konkurrere med Georg Friedrich Händel, men gav ganske snart opp konkurransen. Av økonomiske årsaker vart han og hustrua avsette frå tenestene deira i Dresden i 1763. Han reiste då først til Wien der han komponerte for hoffoperaen, og til slutt til Venezia.

Hasse skreiv over 70 operaer, 14 oratorium, 5 Te Deum, fleire messer, eit rekviem, diverse misererer, litanier, motettar, salmar, kantatar, klaverkonserter og sonatar, fløytekonserter med meir. Han sette opp nesten alle librettoane til Pietro Metastasio, fleire av dei meir enn ein gong.

Få komponistar som var så kjende i levetida si har vorte så grundig gløymd som Hasse. Årsaka er nok at han for det meste skriv for smaken som rådde på denne tida, den han kjente og kunne tilfredsstille. Paret Hasse danna ein spydspiss for den italienske operaen både kompositorisk og når det gjaldt utføring. Operakomponisten Christoph Willibald Gluck avviste seinare denne smaksretninga som han meinte bestod av endelause ariar komponert etter same mal for å vise dugleiken til songarinna, med einsformige moduleringar og slett orkestrering, men på den andre sidan òg med elegant flytande melodiar som viste songstemma sine mogelegheiter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

«Se del fiume» frå Artaserse (1730-1734) 

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Johann Adolf Hasse

Kjelder[endre | endre wikiteksten]