John Field

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Field

Fødd26. juli 1782
FødestadDublin
Død23. januar 1837 (54 år)
DødsstadMoskva
OpphavIrland, Kongeriket Irland, Det russiske imperiet
Sjangerklassisk musikk, nokturne
Instrumentpiano
Verka sompianist, komponist, lærar, lyrikar
BornLeon Leonov

John Field (26. juli 178223. januar 1837) var ein irsk pianist og komponist. Han blir rekna som oppfinnar av musikkforma nocturne som Frédéric Chopin utvikla vidare.

Liv[endre | endre wikiteksten]

John Field blei fødd i Dublin. Han studerte først klaver hos far sin som var fiolinist, og seinare med Tommaso Giordani. Han fortsette utdanninga hos Muzio Clementi i London. I 1802 følgde han med Clementi på ei reise til Paris for å vise fram klaver som Clementi hadde bygd og for å opptre som pianist. Året etter reiste begge til St. Petersburg der Field blei værande og skapte seg eit ry som kunstnar og lærar. Han foretok òg ei rekke konsertreiser. Frå 1822 til han døydde i 1837 budde han i Moskva.

Verk[endre | endre wikiteksten]

John Field si nocturne nr. 5, H.37 i B-dur, 1817 , framført av Constantin Stephan.

Field er den første komponisten som skreiv nocturner. Desse stykka påverka Frédéric Chopin i sterk grad, og han skreiv sjølv 21 nocturner som gjorde forma vidkjend. Field sine i alt 18 nocturner høyrer til dei tidlegaste einsatsige, romantiske karakterstykka for klaver og kan sjåast på som viktige forløparar for mange romantiske komponistar sine verk, til dømes Felix Mendelssohn Bartholdy, Robert Schumann, Franz Liszt og Edvard Grieg.

Field skreiv sju klaverkonserter, den andre (1811) er nok den mest kjende, sjølv om den fjerde (1819) ofte blir sett på som meir verdefull reint musikalsk. Av orkesterverk finst det tre rondoar og ein transkripsjon av Field sin tolvte nocturne, ved sida av et stor tal verk for piano solo, kammermusikalske verk og nokre få vokale verk.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

  • Fields sine samtidige akta han høgt. Pianospelet og komposisjonane hans påverka mange store komponistar, blant andre Chopin, Brahms, Schumann og Liszt.
  • Hamilton Harty (1879–1941): A John Field Suite. For orkester (1939). Boosey & Hawkes.
  • Wilhelm Killmayer (* 1927): An John Field. Nocturner for klaver(1978). Schott-Verlag, Mainz.
  • Malcolm Arnold (* 1954): Fantasy on a Theme of John Field. for orkester. Faber, 1994.
  • Wolfgang Schlüter (* 1948): John Field und die Himmels-Electricität: Skizzen. Eichborn, Frankfurt am Main 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Cecil Hopkinson: A bibliographical thematic catalogue of the works of John Field. Eige forlag, London 1961.
  • Patrick Piggott: The life and music of John Field. 1782–1837. Creator of the nocturne. Faber & Faber, London 1973, ISBN 0-571-10145-3.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]