John Manners av Granby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jmanners.jpg

General John Manners, marki av Granby (2. januar 172118. oktober 1770), var ein britisk soldat og general og eldste sonen til hertugen av Rutland. Sidan han ikkje levde lenger enn faren var han kjend under tillegstittelen til faren, markien av Granby.

Han vart tidleg medlem av det britiske parlamentet, første gong i 1741. Fire år seinare vart han oberst i Rutland og deltok i jakobittaropprøret i 1745. Han vart forfremma generalmajor i 1755 og så oberst i den kongelege hestegarden. Same året som det skjedde braut sjuårskrigen ut og han vart sendt til Tyskland. Han vart forfremma til generalløytnant i februar 1759. Slaget ved Minden var det første store slaget til Granby. Kavaleriet hans vart her stoppa i ein kritisk augneblink av Lord George Sackville, som vart sendt heim i skam, medan Granby overtok kommandoen over den britiske kontingenten i armeen til Karl Vilhelm Ferdinand av Braunschweig, og hadde 32 000 mann under seg i starten av 1760.

31. juli 1760 storma Granby Warburg fremst i det britiske kavaleriet. Dei fanga 1500 mann og ti kanonar. Granby hadde tidleg mista håret og gjekk derfor alltid med parykk. Under åtaket reid han så raskt at han mista hatten og parykken, noko som er opphavet til det engelske uttrykket «going at it bald-headed» («gå skalla til verks»). Eit år seinare, 15. juli 1761, forsvarte britane høgdene i Villinghausen som Ferdinand sjølv skildra som «ubeskriveleg modig». Dagen etter leia han soldatane sine i eit motåtak og dreiv franskmennene frå slagmarka. Motstandaren hans duc de Broglie, vart så imponert at han bestilte eit portrett av Granby av Joshua Reynolds. Fleire felttog følgde til store ære for Granby og mennene hans.

Han var ikkje noko dyktig politikar, men folk brydde seg lite om det og meir om sigrane hans og omsorga han hadde vist soldatane sine. Under Chatham-regjeringa vart Granby øvstkommanderande.

Granby døydde i Scarborough i Yorkshire i 1770.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]