Slaget ved Minden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Minden
Del av sjuårskrigen
Karte Schlacht bei Minden 1759.png
Dato 1. august 1759
Stad Minden, Nordrhein-Westfalen i Tyskland
Resultat Avgjerande alliert siger
Partar
Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia

Flag of Hanover (1692).svg Hannover
Hessen-Kassel
Braunschweig-Wolfenbüttel
Schaumburg-Lippe

Pavillon royal de France.svg Frankrike[1]
Kommandantar
Flagget til Preussen Fyrst Ferdinand
Det britiske flagget George Sackville
Flagget til Frankrike Louis Georges Érasme de Contades, Marquis de Contades
Styrkar
42 500 og 187 kanonar [2] 54 000 og 170 kanonar [2].
Tap
2762 drepne, skadde eller sakna[2]. 7086 drepne, skadde eller sakna[2].

I slaget ved Minden slo ein alliert engels-tysk arme under fyrst Ferdinand ein fransk arme under Marquis de Contades den 1. august 1759 under sjuårskrigen.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Uvanleg for si tid, plasserte Contades artilleriet sitt sentralt, berre verna av kavaleriet, med infanteriet sitt på kvar flanke.

Slaget byrja på den franske høgreflanken, der Marshal de Broglie, som kommanderte reservane, starta ein artilleriduell mot den allierte venstreflanken. Sentralt, på grunn av misforståingar, rykte ein brigade av britiske infanteristar, støtta av hannoverske vaktar, fram mot det franske kavaleriet. Dei vart sterkt reduserte av den franske kanonelden, men dreiv stadig bort dei franske kavaleriåtaka med muskettane sine og påførte dei store tap.

Med støtte av artilleriet til britane og hannovarane, klarte heile den allierte linja til slutt å rykke fram mot den franske armeen og sende dei på flukt frå slagmarka. Dei einaste franske troppane som klarte å yte ein viss motstand var dei som kjempa under de Broglie, som danna baktroppen.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Armeen til fyrst Ferdinand tapte 2800 mann, medan franskmennene mista rundt 7000 mann.

Kavalerikommandanten til Ferdinand, sir George Sackville, vart anklagd for å ha ignorert fleire ordre om å føre fram troppane sine og gå til åtak på fienden, før det vart for seint til at han kunne medverke i utfallet av slaget. For å reinvaske seg, kravde han å verte stilt for krigsrett, men bevisa mot han var mange og krigsretten erklærte han «uskikka til å tene for Hans Majestet.» Sackville dukka seinare opp som Lord George Germain og fekk ein stor del av skulda for den amerikanske revolusjonen.

Faren til General Lafayette mista livet i dette slaget.

Marshal de Contades vart etter slaget oppsagt som kommandant og erstatta av Duc de Broglie.

Mystiske roser[endre | endre wikiteksten]

Kvart år den 1. august sidan 1967 er seks raude roser anonymt sendt til det britiske konsulatet i Chicago. Berre i 2001 og 2002 vart det ikkje sendt roser. Eit brev som er lagt med listar opp dei seks britiske regimenta som deltok i slaget og seier: «Dei rykte fram gjennom rosehagar til slaget og dekorerte dei tresnuta hattane og grenaderhuene med det engelske emblemet. Desse regimenta feirar framleis Minden-dagen og har alle roser på huene sine til minne om forfedrane sine.». Ein har aldri funne ut kven avsendaren er.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250 *[1]The original Banner of France was strewn with fleurs-de-lis. *[2]
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Perrett, Bryan (1992). The Battle Book. London, England: Arms og Armour Press. ISBN 1-85409-328-2.  s. 206.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 52°19′40.03″N 8°53′27.09″E