Slaget ved Villinghausen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Villinghausen
Del av sjuårskrigen
Vellinghausen02.jpg
Monument for slaget ved Villinghausen; reist rundt 1912
Dato 15.–16. juli 1761
Stad Vellinghausen, nær Hamm, dagens Tyskland
Resultat Alliert siger
Partar
Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia

Flag of Hanover (1692).svg Hannover
Flagget til Preussen Preussen

Pavillon royal de France.svg Frankrike[1]
Kommandantar
Ferdinand av Braunschweig Duc de Broglie
Prince de Soubise
Styrkar
~100 000 ~80 000
Tap
1400 5000 (Broglie 4700, Soubise 300)

Slaget ved Villinghausen (eller Vellinghausen) var utkjempa 15. og 16. juli 1761 mellom ein stor fransk arme og ein samla prøyssisk-hannoveriansk-britisk arme leia av hertug Ferdinand av Braunschweig.

To franske armear, under to marskalkar, Duc de Broglie og Prince de Soubise møtte opp i juli 1761 for å tvinge hertug Ferdinand av Braunschweig-Lüneburg ut av Lippstadt, ein viktig by. Den allierte prøyssisk-hannoveriansk-britiske styrken sette linjene sine opp langs ei rekkje åsar, med venstre sida fast ved elva Lippe (i nord) og Ahse sentralt. Den franske armeen rykte fram den 15. juli og troppane til Broglie i nord klarte å presse dei tyske troppane under Wutginau. Dei britiske styrkane under under Granby like sør for Wutginau heldt stillinga si og det franske åtaket stoppa opp. Begge sidene fekk forsterkingar i løpet av natta og Ferdinand forsterka venstreflanken i større grad enn den høgre.

Morgonen etter heldt Broglie fram åtaket mot den allierte venstreflanken, og venta at Soubise skulle angripe den svekka høgreflanken. Soubise klarte berre å gjere nokre få mindre åtak til høgre, mellom anna fordi begge dei franske kommandantane hadde same rang og derfor var motvillig til å ta ordre frå kvarandre. Allierte forsterkingar under Wolff kom kort tid etter langs Lippe og gjekk til åtak på den franske flanken. Dette stoppa åtaket til Brogliew og tvinga mennene hans i retrett. Rundt middagstider var franskmennene i full tilbaketrekking og slaget var over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250

Koordinatar: 51°39′44″N 7°59′43″E