John von Neumann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John von Neumann på 1940-talet.

John von Neumann (fødd Neumann János28. desember 19038. februar 1957) var ein ungarsk-amerikansk matematikar som bidrog med mykje viktig innanfor kvantefysikk, mengdelære, datateknologi, økonomi og dei aller fleste felta innanfor datavitskap.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Som den eldste av tre sysken, vart von Neumann døypt Neumann János i Budapest, son av Neumann Miksa (Max Neumann), ein advokat som jobba i ein bank, og Kann Margit (Margaret Kann). John Von Neumann, kalla «Jancsi», voks opp i ein ikkje-praktiserende jødisk familie, og demonstrerte i tidleg alder eit utruleg minne. Då han var seks år gammal, var han i stand til å dividere åttesifra tal i hovudet. Von Neumann vart tidleg interessert i matematikk, naturen til tala og logikken i verda rundt seg. Alt i seksårsalderen, ein gong mora hans stirte tomt ut i lufta føre han, spurde han henne «Kva er det du reknar ut?»

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han byrja på det lutherske gymnaset i 1911. I 1913 kjøpte faren hans ein tittel og Neumann János fekk det tyske namnet von, og vart dermed János von Neumann.

Han mottok doktorgraden sin i matematikk frå universitetet i Budapest då han var 23 år gammal. Han studerte samstundes kjemi i Sveits.

Frå 1926 til 1930 var han privatdosent i Berlin.

Von Neumann vart invitert til Princeton University i 1930, og var ein av fire som vart valt ut til det første fakultetet ved Institute for Advanced Study, der han var matematikkprofessor frå danninga av instituttet i 1933 til han døydde.

Frå 1936 til 1938 vitja Alan Turing Instituttet, og fullførde ei doktoravhandling under rettleiing av Alonzo Church. Besøket skjedde kort tid etter Turing hadde gjeven ut rapporten «On Computable Numbers with an Application to the Entscheidungsproblem» (1936), som involverte konsepta logisk design og den universelle maskinen. Von Neumann må ha kjent til ideane til Turing, men det er ikkje klårt om han brukte dei i utviklinga av IAS-maskinen ti år seinare.

I 1937 vart han amerikansk statsborgar. I 1938 mottok han prisen Bôcher Memorial Prize for arbeidet sitt innan analyse.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Von Neumann var opphavet til spelteorien, og utgav klassikaren Theory of Games and Economic Behavior med Oskar Morgenstern i 1944. Desse to utvikla her nytteforventningsteoremet som vert nytta i moderne økonomi. Han sette konseptet «MAD» (Mutually assured destruction, «gjensidig sikra øydelegging»), som dominerte amerikansk atomvåpenstrategi under den kalde krigen. Han jobba i Teoridivisjonen ved Los Alamos saman med Hans Bethe og Victor Weisskopf under andre verdskrigen, som ein del av Manhattanprosjektet for å utvikle dei første atomvåpna.


Von Neumann-arkitekturen[endre | endre wikiteksten]

Von Neumann gav namnet sitt til von Neumann-arkitekturen som vert brukt i dei fleste ikkje-parallelle datamaskinar, på grunn av utgjevinga si om konseptet, men mange føler at denne namngivingen ignorerer bidraga til J. Presper Eckert og John William Mauchly som jobba med konseptet under arbeidet sitt med ENIAC. Nesten alle kommersielt tilgjengelege heimedatamaskiner, mikrodatamaskinar og superdatamaskinar er von Neumann-maskinar.

Cellulære automata[endre | endre wikiteksten]

Han skapte feltet cellulære automata utan datamaskiner, han konstruerte dei første døma på sjølv-replikarende automata med papir og blyant. Termen von Neumann-maskin viser òg til sjølv-repliserande maskinar. Von Neumann beviste at den mest effektive måten gruvedrift kunne drivast på i stor skala, som å grave ut ein heil måne, eller asteroidbelte, er gjennom nytta av sjølv-repliserande maskiner, for å dra fordel av den eksponensielle veksten til desse mekanismane.

Algoritmar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til arbeidet sitt med arkitektur, vert han kreditert for minst éit bidrag til læra om algoritmar. Donald Knuth siterar von Neumann som ein oppfinnar av den velkjende MergeSort-algoritmen.

Andre område[endre | endre wikiteksten]

Han deltok òg i utforsking av problem innan feltet numerisk hydrodynamikk.

Von Neumann hadde eit særs skarpt sinn og nær perfekt minne. Han var ein omgjengeleg person og elska å drikke, danse og ha det gøy. Han var særs glad i vitsar og humor. Han døydde av kreft i Washington D.C.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

«John von Neumann Theory Prize» er ein pris som vert tildelt av Institute for Operations Research and Management Science (INFORMS, tidlegare TIMS-ORSA), til eit individ, eller nokre gonger ei gruppe som har gjort fundamentale bidrag over lengre tid til teorien innan operasjonsanalyse.

Prisen IEEE John von Neuman Medal vert årleg delt ut av IEEE for «utmerka bidrag innan datamaskin-relaterte vitskapar og teknologi.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: John von Neumann