Johnny Thunders

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johnny Thunders
Verkeleg namn John Anthony Genzale, Jr
Fødd 15. juli 1952, Queens i New York City
Død 23. april 1991 (38 år), New Orleans i Louisiana
Instrument Gitar, bassgitar
Sjanger Rock, glamrock, punkrock, glampunk, rhythm and blues, protopunk
Yrke Songar, låtskrivar, gitarist
Tilknytte artistar New York Dolls, The Heartbreakers
Kjende instrument
Gibson Les Paul Junior
Gibson Les Paul Special

Johnny Thunders (fødd John Anthony Genzale, Jr.15. juli 195223. april 1991) var ein amerikansk protopunkgitarist, songar og låtskrivar.

Han er mest kjend som medlem av New York Dolls i 1970-åra. Han spelte seinare i The Heartbreakers og som soloartist.

Som idolet Keith Richards levde Johnny Thunders det ulitmate rocke-livet og var dagen lang påverka av dop og spelte tøff, sjuskete gitarrock.[1] Etter at New York Dolls vart oppløyst, var han mykje i pønkmiljøet i New York mot slutten av 1970-åra, både med bandet the Heartbreakers og som soloartist. Thunders spelte musikk fram til han døydde i 1991 av ein heroinoverdose.

Som Johnny Volume spelte Genzale i bandet Johnny and the Jaywalkers; før han forlet dette bandet for Actress, i lag med framtidige Dolls-medlemmar Arthur Kane og Billy Murcia. Actress vart New York Dolls i 1971 og Genzale kalla seg sjølv då Johnny Thunders. Etter to kritikarroste, men kommersielt mislukka album, gjekk the Dolls frå kvarandre. I 1975 starta Thunders og trommeslagaren i gruppa, Jerry Nolan bandet the Heartbreakers med tidlegare Television-bassist Richard Hell og gitarist Walter Lure. Hell forlet bandet etter kort tid og starta the Voidoids og vart erstatta av Billy Rath. The Heartbreakers var særleg populær blant punkbanda i Storbritannia.

Thunders gjekk solo i 1978 og spelte inn albumet So Alone med forskjellige rocke- og punkmusikarar, som Steve Jones og Paul Cook frå frå Sex Pistols, Steve Marriott (Small Faces, Humble Pie), Peter Perrett (Only Ones), Paul Gray (Eddie and the Hot Rods, the Damned) og Phil Lynott (Thin Lizzy). Etter albumet kom ut spelte Thunders og Sex Pistols-bassist Sid Vicious i the Living Dead ei kort stund. I 1980-åra gjenforeinte Thunders the Heartbreakers for ei rekkje turnear. Gruppa spelte inn det siste albumet sitt i 1984.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Johnny Thunders