Earl Slick
Earl Slick (fødd Frank Madeloni, 1. oktober 1952) er ein amerikansk gitarist, mest kjend for samarbeidet sitt med David Bowie, Jim Diamond og Robert Smith, sjølv om han òg har arbeidd med andre artistar (John Lennon: Double Fantasy, Milk and Honey, Yoko Ono), John Waite, og gjeve ut soloplater.
Tidleg i 1970-åra vart Earl Slick kjend i musikkmiljøet i New York som ein talentfull rockegitarist då han spelte i bandet Mack Truck med songar og låtskrivar Jimmy Mack og broren Jack Mack på trommer. Han arbeidde med den skotske musikaren Jim Diamond som duetten Slick Diamond. dei turnerte i lag ein kort periode seint i 1970-åra.
Slick vart opphavleg hyrt inn av David Bowie for å erstatte Mick Ronson som sologitarist for Diamond Dogs-turneen i 1974 (konsertalbumet David Live vart spelt inn under denne turneen). Slick spelte òg sologitar på Bowie-albuma Young Americans (1975) og Station To Station (1976). Det var den kraftfulle spelinga til Slick som gjorde songen «Stay» på Station to Station til ein favoritt hos tilhengjarane til Bowie. Etter å ha kome på kant med managementet til Bowie, vart Slick erstatta som sologitarist før Station To Station-turneen (1976) av Stacey Heydon. Slick starta då å spele for Leo Sayer, Ian Hunter, John Lennon og Yoko Ono. Han starta òg eit soloband.
Slick kom attende til Bowie i 1983 for Serious Moonlight-turneen etter Let's Dance. Slick danna så Phantom, Rocker & Slick med Slim Jim Phantom og Lee Rocker. I 1990 samarbeidde Slick med Dirty White Boy og gav ut albumet Bad Reputation (1990).
Tidleg i 2000-åra vart Slick igjen foreint med Bowie og spelte på turneane etter Heathen (2002) og Reality (2003).
I februar 2011 vart det kjend at Slick hadde slått seg saman med New York Dolls for turneen deira i mars.[1]
Innhaldsliste |
Diskografi [endre]
- The Earl Slick Band (1976)
- Razor Sharp (1976)
- Silver Condor (1981)
- In Your Face (1991)
- Lost and Found (2000)
- Live 1976 (2001)
- Slick Trax (2002)
- Zig Zag (2003)
Med Phantom, Rocker, and Slick [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Earl Slick» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Official Noble PR Announcement
- ↑ Phantom, Rocker, and Slick- Self-titled debut album @Discogs.com Retrieved 2-27-2010.
- ↑ Phantom, Rocker, and Slick- Cover Girl album @Discogs.com Retrieved 2-27-2010.
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| David Johansen · Sylvain Sylvain · Earl Slick · Jason Hill · Brian Delaney Steve Conte · Sami Yaffa · Johnny Thunders · Jerry Nolan · Arthur "Killer" Kane · Billy Murcia · Gary Powell · Peter Jordan · Chris Robison · Bobby Blaine · Tony Machine · Brian Koonin · |
|
| Album | New York Dolls (1973) · Too Much Too Soon (1974) · One Day It Will Please Us to Remember Even This (2006) · Cause I Sez So (2009) · Dancing Backward in High Heels (2011) |
| Konsertalbum | Red Patent Leather (1984) · Seven Day Weekend (1992) · Paris Le Trash (1993) · From Paris With Love (L.U.V.) (2002) · Manhattan Mayhem (2003) |
| Andre utgjevingar | Lipstick Killers - The Mercer Street Sessions 1972 (1982) · Seven Day Weekend (1992) · Rock'n Roll (1994) |
| Tilknytte artiklar | ROIR · Roadrunner Records · The Heartbreakers · New York Doll · Glampunk · Malcolm McLaren |