New York Dolls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
New York Dolls

The New York Dolls i 2006.
OpphavNew York, USA
Aktiv1971–1976, 2004-2011
SjangerRock and roll, glampunk, glamrock, protopunk
PlateselskapMercury, Roadrunner, Atco, 429
MedlemmerDavid Johansen
Sylvain Sylvain
Kenny Aaronson
Earl Slick
Brian Delaney
Tidlegare medlemmerJohnny Thunders
Jerry Nolan
Arthur Kane
Billy Murcia
Peter Jordan
Chris Robison
Tony Machine
Gary Powell
Rick Rivets
Blackie Lawless
Brian Koonin
Steve Conte
Sami Yaffa
Frank Infante
Jason Hill
Micheal Caiafa

The New York Dolls var ei rockegruppe som blei danna i New York i 1971. Dei hadde lite suksess medan dei var aktive, men var tidleg ute med trendar som skulle koma seinare, særleg innan pønksjangeren. Ein uvøren men energisk spelestil, langt, lurvete hår og bruk av kvinneklede skulle inspirerande mange seinare grupper. Dei bygde vidare på den skitne rockemusikken til the Rolling Stones, androgyniteten til Mick Jagger, den anarkiliknande støyen til the Stooges og glamrockstilen til David Bowie og T. Rex, og skapte ein ny form for hardrock, som varsla om punkrock og heavy metal.[1] Sjølv om dei raskt øydela seg sjølv, vart dei to første albuma til bandet populære kult-plater i rockehistoria.[1]

Gruppa var sett saman av vokalisten David Johansen, gitaristane Johnny Thunders og Sylvain Sylvain (som erstatta Rick Rivetts), bassgitaristen Arthur Kane og perkusjonisten Billy Murcia.

Dei starta New York-miljøet som seinare gav Ramones, Blondie, Television og Talking Heads.[2]

I 2004 vart bandet samla på ny med tre av dei originale medlemmane. Bandet blei oppløyst att utan fanfare i 2011.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Alle medlemmane i New York Dolls spelte i band i New York før bandet vart starta seint i 1971. Gitaristane Johnny Thunders og Rick Rivets, bassisten Arthur Kane og trommeslagaren Billy Murcia slo seg saman med vokalisten David Johansen. Tidleg i 1972 vart Rivets erstatta av Sylvain Sylvain og gruppa byrja å spele fast på Manhatten, særleg ved Mercer Arts Center. I løpet av nokre månadar hadde dei fått seg ein fast tilhengjarskare, men plateselskapa var motvillige til å gje dei kontrakt på grunn av kvinnekleda dei gjekk i og den openlyse vulgariteten.

Seint i 1972 la the Dolls ut på den første turneen sin i England. Under turneen døydde trommeslagaren Murcia died av ei blanding av narkotika og alkohol. Han vart erstatta av Jerry Nolan. Etter at Nolan kom med i bandet fekk dei omsider ein platekontrakt med Mercury Records. Todd Rundgren produserte debutalbumet deira, New York Dolls, som kom ut sommaren 1973. Plata fekk mykje god kritikk, men selde heller dårleg.[1] Albumet nådde 116. plass på albumlista i USA. Oppfølgjaren, Too Much Too Soon, var produsert av den legendariske jentegruppeprodusenten George «Shadow» Morton. Sjølv om lyden på plata var relativ glatt, selde albumet igjen dårleg og nådde berre 167. plass i USA då det kom ut tidleg på sommaren 1974.

Etter to skuffande Dolls-album, droppa Mercury Records bandet. Ingen andre plateselskap var interesserte i gruppa, så The Dolls valde å hyre ein ny manager, britiske Malcolm McLaren, som kort tid etter vart kjend som manager for Sex Pistols. Med the Dolls starta McLaren trenden med å sjokkere som ei form for publisitet. Sjølv om han fekk det til å fungere for Sex Pistols berre eit år seinare, slo alle strategiane hans tilbake på bandet for the Dolls. McLaren fekk bandet til å kle seg i raud lêr og spele føre det sovjetiske flagget, noko som skulle syne at the Dolls tilsynelatande var kommunistar. Dette gjorde plateselskapa berre enno meir motvillige til å signere bandet og medlemmane byrja kort tid etter å forlate gruppa.

Halvvegs i 1975 slutta Thunders og Nolan i the Dolls. Dei gjenverande medlemmane, Johansen og Sylvain, sparka McLaren og samla saman eit nytt band. Dei neste to åra spelte duoen med mange musikawrar utan suksess, og i 1977 valde dei å legge ned bandet permanent.

Då the Dolls vart oppløyst, starta David Johansen ein solokarriere, som etter kvart glei over i hans alterego, lounge-artisten Buster Poindexter, i midten av 1980-åra. Syl Sylvain spelte med Johansen i to år etter han starta solokarrieren sin. Johnny Thunders starta the Heartbreakers med Jerry Nolan etter dei forlet gruppa i 1975. Det neste tiåret spelte the Heartbreakers sporadisk og Thunders spelte inn eit og anna soloalbum. Den 23. april 1991 døydde Thunders, som var kjend for det enorme dopmisbruket sitt, av ein heroinoverdose. Nolan heldt ein hyllestkonsert for Thunders seint i 1991 og eit par månader seinare døydde han av slag, berre 40 år gammal.

I 2004 inviterte the Smiths-vokalisten Morrissey, som ein gong var leiaren for den britiske fanklubben til New York Dolls, dei gjenverande medlemmane i New York Dolls for å spele ved Meltown Festival. Overraskande for mange takka David Johansen, Syl Sylvain, og Arthur Kane ja til konserten og fekk med seg Steve Conte for Thunders og Gary Powell frå the Libertines på trommer. Konserten vart ein suksess og dei fekk raskt tilbod om fleire festivalframferder. Berre veker etter den første konserten la Kane seg inn på eit sjukehus i Los Angeles, då han kjende seg særs dårleg. Det viste seg at han hadde alvorleg leukemi og døydde berre nokre timar seinare, den 13. juli 2004, 55 år gammal.

Med Sam Yaffa (frå Hanoi Rocks) på bass, spelte resten av Dolls ein hyllestkonsert for dei døde bandkollegaene sine på Little Steven's International Underground Garage Festival i New York City den 14. august 2004, og starta å spele inn musikk igjen. I 2006 kom albumet One Day It Will Please Us to Remember Even This, og i 2009 'Cause I Sez So, igjen produsert av Todd Rundgren. Eit femte soloalbum, Dancing Backward in High Heels kom ut tidleg i 2011.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Siste medlemmar

Tidlegare medlemmar

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Red Patent Leather (1984)
  • Paris Le Trash (1993)
  • Live In Concert, Paris 1974 (1998)
  • From Paris With Love (L.U.V.) (2002)
  • Morrissey Presents: The Return Of New York Dolls Live From Royal Festival Hall (2004)
  • Live At the Filmore East (2008)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 New York Dolls-biografi på allmusic.
  2. Thomas, Stephen. «New York Dolls». AllMusic. Henta 22. oktober 2011. 
  3. Greene, Andy; Greene, Andy (15. januar 2021), «Flashback: New York Dolls Play 'Looking For a Kiss' at One of Their Last Concerts», Rolling Stone (på engelsk), henta 9. august 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]