Jomfrutårnet i Baku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 40°21′58.20″N 49°50′14.10″E
Jomfrutårnet
tårn
none  Jomfrutårnet.Foto: Frode H. Korneliussen
Jomfrutårnet.
Foto: Frode H. Korneliussen
Land Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
By Baku
koordinatar 40°21′58.20″N 49°50′14.10″E
Verdsarvstad
Namn Gamlebyen i Baku med Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet
År 2000 (#24)
Nummer 958
Region Europa og Nord-Amerika
Kriterium Kultur
IUCN kategori IV - Habitat
Wikimedia Commons: Maiden Tower

Jomfrutårnet (aserbajdsjansk Qız Qalası) eller lokalt kalla Giz Galasi ligg i Gamlebyen i Baku i Aserbajdsjan er eit gammalt tårn som til forskjellige tider har vore tilknytt parsistar, sassanidane, arabar, persarar, sjirvansjahane, osmanaraneog russarane. Tårnet vart bygd på 1100-talet, som ein del av bymuren kring Baku, og i lag med Sjirvansjahpalasset, som er datert til 1400-talet, er dei begge skriven inn på verdsarvlista til UNESCO for historiske monument, og vert rekna som eit av dei mest særprega nasjonalsymbola til Aserbajdsjan, og er avbilda på aserbajdsjanske pengesetlar.[1][2]

Maiden Tower, august 2010.JPG

Jomfrutårnet husar eit museum, som presenterer den historiske utviklinga til byen Baku. Her er òg ein suvenirbutikk. Frå toppen av tårnet har ein utsyn over dei smale gatene og minaretane i Gamlebyen, bulevarden i Baku, De Gaulle-huset og Bakubukta. I nyare år har fyrfatet på toppen vorte fyrt opp på kveldane under Novruz-festivalen.[2]

Då vassnivået i Kaspihavet fall, oppstod det ei landstripe som vart utbygd mellom 800- og 1400-talet, då bymurane i gamlebyen, palasset, inkludert den store bastionen med Jomfrutårnet vart bygd.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Walled City of Baku with the Shirvanshah's Palace and Maiden Tower». Unesco.org. http://whc.unesco.org/en/list/958. Henta November 25, 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Baku (Azerbaijan); Evaluation Report» (pdf). Unesco.org. http://whc.unesco.org/archive/advisory_body_evaluation/958.pdf. Henta 15. april 2012. 
  3. Blair, Sheila (1992). The monumental inscriptions from early Islamic Iran and Transoxiana. BRILL. s. 155. ISBN 9004093672. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]