Kaare Aksnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kaare Aksnes (fødd 25. mars 1938) er ein norsk astronom. Aksnes er bror av kjemikaren Gunnar Aksnes.

Aksnes voks opp i Kvam i Hardanger. Han studerte fyrst realfag ved Universitetet i Bergen, seinare ved Universitetet i Oslo, der han fekk graden cand.real. med hovudfag i astronomi i 1963. Etter fullendt eksamen var han vitskapleg assistent ved Solobservatoriet på Harestua i Oppland, før han reiste til USA, der han arbeidde ved Harvard-Smithsonian Astrophysical Observatory og Jet Propulsion Laboratory. Aksnes vart deretter student ved Yale University i USA, der han fekk graden Ph.D. i 1969. 1971–78 var han astronom (Celestial Mechanician) ved Harvard-Smithsonian Center for Astrophysics i Cambridge, Massachusetts.

I åra 1978 - 88 var han forskar ved Forsvarets forskningsinstituttKjeller, og 1980 - 88 var han professor i astrofysikk ved Universitetet i Tromsø. Sidan 1989 har han vore professor i astronomi ved Universitetet i Oslo. I 1993 overtok Aksnes, som leiar for Almanakkomitéen, ansvaret for Almanakk for Noreg, og har hatt det sidan. I ein lengre periode har Aksnes hatt ei viktig rolle internasjonalt som medlem og leiar i arbeidsgruppene i Den internasjonale astronomiske unionen som har ansvar for namngjeving av himmellekamar i solsystemet.

Kaare Aksnes vert rekna mellom dei mest framifrå forskarane i verda innanfor baneutrekning for kunstige satellittar, planetmånar, asteroidar og kometar. Doktoravhandlinga hans, A Second Order Solution of an Artificial Earth Satellite based on an Intermediate Orbit, har vorte eit standardverk i feltet. Han har jobba med å rekna ut banar for kunstige satellittar og romsondar, planetar og månar omkring planetar i solsystemet. Han har nytta observasjonar av såkalla "gjensidige fenomen", dvs. formørkingar og okkultasjonar, mellom månane til Jupiter og Saturn til å betra bestemminga av banane deira. Aksnes har leidd den norske deltakinga i den europeiske Romsonden Rosetta, der den norske deltakinga spesielt omfattar utrekning av banen til sonden omkring ein kometkjerne, og han har vore med på å byggja opp eit nordisk nettverk for studie av asteroider som kan gjera skade på jorda. Han har for øvrig publisert ei rekkje arbeid innan celest mekanikk, og har bidrege med eit stort tal populærvitskaplege innlegg i dagspresse, radio og fjernsyn, særleg om rørsler av smålekamar innanfor solsystemet. I samband med astronomiske hendingar som stjerneskotsvermar, asteroidar, kometar og sol- og måneformørkingar er Aksnes velkjend hjå media og blant publikum.

Aksnes vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1991. I 1969 mottok han Dirk Brouwer Memorial Prize for doktorgradsarbeidet sitt, og i 1981 fekk han NASA Group Achievement Award for baneutrekningane sine for Voyager-programmet mot Jupiter. I 1978 fekk han ein asteroide kalla opp etter seg; asteroide 2067 Aksnes.

Den 5. desember 2006 fekk Aksnes i tillegg Kongens fortenestmedalje i gull. Under utdelinga sa fylkesmann Hans Røsjorde at H. M. Kongen hadde tildelt Aksnes medaljen for vitskapleg innsats gjennom ein lang forskarkarriere i astronomi.

Eit utval verk av Kaare Aksnes[endre | endre wikiteksten]

  • On the Dynamical Theory of a Near-Earth Satellite, i Astrophysica Norvegica 10:4, 1965, s. 70–77 og 10:8, 1967, s. 150–169
  • A Second Order Solution of an Artificial Earth Satellite based on an Intermediate Orbit, dr.avh., 1969
  • Hvordan får planeter og måner navn?, i Astronomisk tidsskrift nr. 3/1987
  • Ordbok for romvirksomhet (sm.m. ?), 1994

Kjelder[endre | endre wikiteksten]