Kaimai Ranges

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kamai Ranges avmerkt med brunt.
Kaimai Range dannar bakgrunnen til hamna i Tauranga.

Kaimai Range er ei fjellkjedeNordøyaNew Zealand. Ho kan sjåast på som ei forlenging sørover av fjellkjeda Coromandel RangeCoromandelhalvøya, og dannar eit skilje mellom regionane Waikato i vest frå Bay of Plenty mot aust. Fjellrekkja er ulendt, og berre to bilvegar kryssar henne, riksvegane State Highway 2, i den nordlege delen, gjennom det svingete passet Karangahake Gorge, og State Highway 29 mellom Tauranga og Hamilton. Der er ingen eigentlege fjelltoppar langs rekkja, det høgaste punktet er Te Aroha (952 m.o.h.), nær byen med same namn.

Den lengste tunnelen på New Zealand[endre | endre wikiteksten]

Jarnvegstunellen Kaimai Railway Tunnel går under fjellkjeda, og er med sine 8 879 meter den lengste tunellen på New Zealand. Bygginga starta frå begge sider i 1969, og gjennombrotet skjedde i 1976. Tunnellen opna 12. september 1978. Mellom 1991 og 2001 gjekk ei skjenebussrute på denne linja mellom Auckland og Tauranga, «Kamaiekspressen».

Den største flyulukka til lands på New Zealand[endre | endre wikiteksten]

Like etter klokka ni om morgonen 3. juli 1963 krasja eit passasjerfly som kom frå flyplassen Whenuapai Airport i Auckland på veg til Tauranga i fjellkjeda, og alle 23 om bord omkom. Dette er den verste flyulukka som har skjedd til lands på New Zealand.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Kaimai Range er resultatet av ei forkasting som løfta opp for det meste andesittiske bergarter etter forlengst inaktive vulkanar. Utbrota starta for over ein million år sidan, men der har ikkje vore aktivitet i om lag 140 000 år.

Kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Det newzealandske postverket (New Zealand Post Office) sin anleggsavdeling bygde og vedlikeheldt ein stasjon for mikrobølgjesamband nær toppen på Kaimai Ranges. På 1960-talet dette ein radiolinkstasjon i det nasjonale nettverket, og band saman Sanitorium Hill nær Cambrigde med Rotorua, med ein utløpar til Tauranga. Stasjonen har no anlegg for mobiltlefoni og ulike andre radiokommunikasjonsformer, og er eigd og driven av Telecom New Zealand.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]