Rotorua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rotorua
by
Land  New Zealand
Region Bay of Plenty
Areal 2 614,9 km²
Folketal 54 500 (30. juni 2018)
Kart
Rotorua
38°8′16″ S 176°15′5″ E
Wikimedia Commons: Rotorua

Rotorua er ein by som ligg ved sørbreidda til Rotorua-sjøen i Bay of PlentyNordøyaNew Zealand. Rotorua District omfattar byen og området kring han. Byen har eit folketal på 55 600, distriktet 68 000.[3] Han ligg 60 km sør for Tauranga, 105 km søraust for Hamilton og 82 km nordaust for Taupo. Distriktet er delt mellom regionane Bay of Plenty (61,52 %) og Waikato (38,48 %).

Byen Rotorua.

Rotorua er kjend for geotermisk aktivitet. Der finst ei rekkje geysirar, den mest kjende er Pohutu geysir i Whakarewarewa, og her er varme mudderdammar i byen som skuldast deira nærleik og samband med Rotorua-kalderaen. Rotorua vann prisen som «New Zealand's Most Beautiful City» ('den vakraste byen på New Zealand') i 2002 og 2006.[4]

Nordover har byen vegsamband via riksvegen State Highway 5, mot aust via State Highway 33, mot vest via State Highway 30 og sørover via State Highway 5. Ein aukande del av trafikken til Tauranga går no på den nye bomvegen State Highway 36 via Ngongotaha, Kaharoa og Pyes Pa. Flyplassen Rotorua Regional Airport har daglege flygingar til Auckland Airport, Wellington International Airport og Christchurch International Airport. Der er i gang arbeid med å utvida rullebanen for å gjera flygingar over Tasmanhavet mogeleg. Rotorua har også jarnvegssamband via ei sidelinje frå Putaruru og nordover, denne er for tida ikkje i drift.

Byen hyser også ein av dei største høgare utdanningsinstitusjonane utanom universiteta, Waiariki Institute of Technology.[5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Noverande Rotorua Museum..
… og det historiske badehuset.

Namnet Rotorua er avleidd frå maori, det fulle namnet er Te Rotorua-nui-a-Kahumatamomoe. Roto tyder 'sjø' og rua 'to' — Rotorua kan såleis tyda 'den andre sjøen'. Kahumatamomoe var onkel til māorihøvdingen Ihenga, den historiske oppdagaren frå Te Arawa-iwien.[6] Det var den andre større innsjøen høvdingen oppdaga, og han tileigna han til onkelen. Sjøen er den største av fleire innsjøar som ligg nordaust for byen, og som alle har samband med Rotorua-kalderaen og det nærliggjande Mount Tarawera. Namnet kan då også tyda det like høvelege 'kratersjø'.[6]

Området var opphavleg busett av maoriar frå iwien Te Arawa. Den første europearen i området var truleg Phillip Tapsell, som dreiv handelsverksemd frå kysten til Bay of Plenty ved Maketu frå 1828. Han gifta seg seinare inn i Te Arawa og vart høgt akta av stammen.[7] Misjonærane Henry Williams og Thomas Chapman kom hit i 1831,[6] og Chapman og kona hans opna ein misjonsstasjon ved Te Kouto i 1835.[8] Han vart nedlagt på mindre enn eit år, men Chapman vende attende i 1838 og bygde ein ny misjonsstasjon på øya Mokoia.[6][8]

Fleire trefningar fann stad ved strandområda ved byen under New Zealand-krigane1860-talet. Eit «spesialbydistrikt» (special town district) vart oppretta i 1883, for å fremja Rotorua som kurbadstad. Byen fekk samband med Auckland gjennom opninga av jarnvegen i 1894, dette førte med seg ein snøgg vokster av byen og turismen framover frå den tid. Rotorua vart ein borough i 1922 og fekk bystatus i 1962 før han vart eit distrikt i 1979.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Rotorua-regionen har eit mildt maritimt klima (Köppen-klassifisering Cfb).

Vêrdata for Rotorua (1981–2010)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 22,8 22,9 20,9 18 15,1 12,6 12 12,8 14,6 16,4 18,6 20,8 17,3
Døgnmiddeltemperatur °C 17,7 17,9 16 13,3 10,7 8,5 7,8 8,4 10,2 12 13,9 16,2 12,7
Gjennomsnittleg min °C 12,6 13 11,1 8,5 6,3 4,3 3,5 4,1 5,8 7,6 9,2 11,5 8,1
Gjennomsnittleg nedbør mm 92,7 93,9 99,2 107,2 116,9 136,1 134,5 131,4 109,3 112,3 93,8 114,2 1 341,8
Gns. nedbørsdagar (≥ 1.0 mm) 8,2 7,4 8,5 8,2 9,5 11,2 11 11,6 11,3 10,9 9,4 10 117
Gns. luftfukt (%) 78,8 81,4 81,5 83,4 87,1 87,5 87,3 85,9 81,6 79,7 77,2 78,9 82,5
Gns. solskinstimar i månaden 242,9 205,9 199,7 170,5 145,1 119,1 130,7 152,1 155,1 190,8 200,1 215,8 2 127,8
Kjelde: NIWA Climate Data[9]

Geotermiske område[endre | endre wikiteksten]

Gjørmepøl i Tikitere ('Porten til Helvete') i Rotorua.
Nordlege del av Rotorua, Lake Rotorua og Mokoia Island.
Byen og innsjøen sett frå lufta.

Geotermisk aktivitet ligg til grunn for mykje av tilstrøyminga av turistar til Rotorua. Geysirar og boblande gjørmepyttar, varme kjelder og «den gravlagde byen» (the Buried Village) (Te Wairoa) — som fekk namnet etter at han vart overfløymd under utbrotet frå Mount Tarawera i 1886 — ligg lett tilgjengelege frå byen.

Kuirau Park, som ligg vest for bysenteret, er også karakteristisk, der varme, boblande gjørmedammar ligg tett i tett og skaper eit spesielt landskap der folk kan vaska føtene sine i varme kjelder.

Rotorua har fått tilnamnet «Svovelbyen» (Sulphur City) på grunn av den før nemnde termiske aktiviteten. Svoveldampane sørgjer for ein karakteristisk lukt som kan kjennast langt frå byen.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Forstadar til, og mindre busetnadar kring Rotorua er Ngongotaha, Fairy Springs, Selwyn Heights, Kawaha Point, Western Heights, Pukehangi, Pleasant Heights, Mangakakahi, Sunnybrook, Pomare, Utuhina, Ohinemutu, Koutu, Hillcrest, Matipo Heights, Glenholme, Fordlands, Springfield, Rotorua West, Fenton Park, Whakarewarewa, Waipa Village, Tihiotonga, Ngapuna, Lynmore, Te Ngae, Owhata, Hannahs Bay, Holdens Bay og Rotokawa.

Innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Med dei 17 innsjøane sine er Rotoruaområdet eit akvatisk paradis. Fiske, vass-ski, symjing og andre aktivitetar i tilknyting til vatn er populært om sommaren. Sjøane står også for store tilskipingar, Rotorua skipa i 2007 til verdsmeisterkapen i vass-skisport. Lake Rotorua vert også brukt som start- og landingsplass for sjøfly.

Andre aktivitetar[endre | endre wikiteksten]

Rotorua byr på botaniske hagar og interessant historisk arkitektur. Byen har vore kjend for sine spa og som ein viktig turistby sidan 1800-talet, og mange av bygningane der viser til denne historia. Government Gardens, nær stranda i austkanten av byen er det særleg verdt å nemna.

Ein annan attraksjon i Rotorua er mountain biking. Whakarewarewa (også kjend som «Redwoods») Forest har vore omtala som «Disneyland for mountain biking», og har nokre av dei beste mountain bike-banane på New Zealand. Rotorua var tilskipar for verdsmeisterskapet i mountain bike (UCI Mountain Bike and Trials World Championships), i august 2006.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Rotorua har fire venskapsbyar:[10]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
  2. 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
  3. Statistics New Zealand: "Subnational Population Estimates: At 30 June 2008". Vitja 1. mars 2009., arkivert frå originalen 19. april 2009, henta 3. mars 2009 
  4. Keep Rotorua Beautiful - Litter Control, arkivert frå originalen 29. mars 2009, henta 3. mars 2009 
  5. Heimeside til Wairaki Institute of Technology., arkivert frå originalen 16. februar 2009, henta 3. mars 2009 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Wises New Zealand Guide, 7. utgåve, 1979, s. 383.
  7. New Zealand Encyclopaedia 1966: Tapsell Biography, arkivert frå originalen 23. oktober 2007, henta 3. mars 2009 
  8. 8,0 8,1 New Zealand Dictionary of Biography: Thomas Chapman
  9. «Climate Data and Activities». NIWA. Henta 19. okober 2013. 
  10. «Rotorua Sister Cities». Rotorua Lakes Council. Henta 16. mai 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Rotorua frå Wikivoyage

Koordinatar: 38°07′S 176°19′E