Kaneljo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaneljo

Status i verda: LC Livskraftig

Nær Ushuaia, ArgentinaFoto: Arthur Chapman
Nær Ushuaia, Argentina
Foto: Arthur Chapman

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Stercorariidae
Slekt: Stercorarius
Art: S. chilensis
Vitskapleg namn
Stercorarius chilensis

Kaneljo (Stercorarius chilensis) er ein fugl i jofamilien. Kaneljoane er ein stor og kraftig bygd sjøfugl, marginalt mindre enn sørjo og har ei kroppslengd på 53-59 centimeter. Fjørdrakta har brun overside og kanelbrun underside. Dei kan ha gulbrune flekkar i nakken ryggen. Kvitt i primærfjørene gjev iaugefallande kvite «blink» på over og undersida av vengen. Dei har ei tydeleg mørk brun hette. Nebbet er nedbøygd i enden, nebb og føter er mørkgrå til svarte.

Denne joarten hekkar lengst sør i Chile og Argentina, hekkar både inn i landet og ute på kysten med nærliggjande øyar. Hekketida er frå november til mars, kvart kull er på to eller tre egg.

Utanom hekkesesongen lever dei til havs rundt Eldlandet og trekker på begge kystar av Sør-Amerika, langs Chile til sentrale Peru, og på austsida nordover til nordre Argentina.[1]

Dietten er fugleegg og fugleungar i hekkesesongen, elles er dei kleptoparasittar på andre sjøfuglar.

Grove estimat for populasjonen ligg på 6000 kjønnsmodne individ (2008)[1] og bestanden er trudd å vere stabil.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kaneljo