Ushuaia

Koordinatar: 54°48′S 68°18′W / 54.800°S 68.300°W / -54.800; -68.300
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ushuaia
Horisonten til Ushuaia
Horisonten til Ushuaia
Motto
«Ushuaia, fin del mundo, principio de todo
Ushuaia, verdas ende, byrjinga på alt
»
Styresmakter
Land
Provins
Øy
Argentina
Tierra del Fuego
Storøya
Grunnlagd 12. oktober 1884
Borgarmeister Federico Sciurano
Geografi
Flatevidd 23 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)

56 956
Koordinatar 54°48′S 68°18′W / 54.800°S 68.300°W / -54.800; -68.300
Høgd over havet 5 m
Tidssone -3 (UTC-3)
Diverse anna
Postnummer V 9410
Telefon-retningsnummer +54 2901
Heimeside: http://www.ushuaia.gob.ar

Ushuaia er ein by heilt sør i Argentina, på Storøya i Eldlandet, og er hovudstad i den argentinske provinsen Eldlandet. Byen hadde om lag 57 000 innbyggjarar i 2010, og er den viktigaste busetnaden på Eldlandet ved sida av Rio Grande. Ushuaia blir sett på som den sørlegaste byen i verda. Puerto Williams i Chile ligg faktisk lenger sør, men sidan denne berre har 2 000 innbyggjarar, kan det diskuterast om Puerto Williams er ein by eller ikkje.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hamna i Ushuaia

Ushuaia er eit ord frå språket til yaghan-folket, som lenge hadde brukt staden som buplass. Den fyrste europearane som busette seg her saman med yaghan-folket var den britiske anglikanske misjonæren Waite Hockin Stirling i 1869. Året etter kom det fleire misjonærar som laga seg ein liten busetnad. Mange av dei innfødde vart no gift og døypte av misjonærane. I 1873 kom to argentinske lærarar for å undervisa i Ushuaia samtidig med at presidenten i landet vedtok å oppretta straffekoloni og fengsel i Ushuaia.

Ushuaia vart offisielt grunnlagt den 12. oktober 1884. På den tid hadde det dukka opp mange gullgravarar som håpa på utbyte frå Ushuaia-området, men det var ikkje gull her. Det nyoppretta fengslet fekk dei fyrste fangane sine i 1896, og eit militærfengsel opna i 1903. Dei to fengsla slo seg seinare saman til eitt fengselskompleks. I 1904 fekk Ushuaia offisielt status som provinshovudstad i Eldlandet. Diverre bukka yaghan-folket under for epidemiar av «kvite» sjukdommar som tyfus, meslingar og kikhoste, og dei var nesten heilt forsvunne i 1911. Likevel voks folketalet gradvis. Frå 113 menn og 36 kvinner i 1893 talde innbyggjarane 1554 menneske i 1914.

Fengslet var viktig for byen utover 1900-talet. Det var operativt til 1947, då det vart avvikla grunna mange anklagar om maktmisbruk og usunne tilhøve. Dagens innbyggjarar lever av sauehald, fiske og utvinning av olje og gass. Her ligg også elektronikkverksemder, m.a. Grundig-fabrikken, som er den største elektronikkfabrikken i Patagonia. Ushuaia har også internasjonal flyplass; verdas sørlegaste.

Ushuaia i dag[endre | endre wikiteksten]

Fram mot i dag har turisme vorte stadig viktigare for byen som kallar seg verdas sørlegaste. Ushuaia hevdar også å ha verdas sørlegaste hotell, irske pub, barnehage, offentlege bibliotek, avisredaksjon, turistkontor og verdas sørlegaste universitet. Skianlegget Cerro Castor har vore verdas sørlegaste skianlegg sidan opninga i 1999. Det kan også brukast om sommaren på breen i nærleiken. Andre turistattraksjonar er jernbanen som ein kallar «toget på verdas ende» og Eldlandet nasjonalpark. Her er det mogleg å få sjå sel, spekkhoggarar og pingvinar. Sidan 2007 har Ushuaia også arrangert ein årleg internasjonal kunstfestival.

Venskapsbyar[treng kjelde][endre | endre wikiteksten]

Panorama av Ushuaia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]