Karin Maria Bruzelius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Karin Maria Bruzelius (fødd 19. februar 1941 i Lund i Sverige) er ein svensk-norsk jurist og tidlegare høgsterettsdommar i Noregs Høgsterett. Ho var høgsterettsdommar frå 6. oktober 1997 til 28. februar 2011. Ho var også medlem av Den faste valdsgiftsdomstolen i Haag fram til 2010.

Bruzelius er jur.kand. frå Universitetet i Lund i Sverige (1964) og har Master of Laws frå Columbia University i New York. Ho har tidlegare vore ekspedisjonssjef i Justisdepartementet (1979–1983), etter å ha arbeidd der sidan 1965, og i Samferdselsdepartementet (1987–1988). I tillegg har ho vore advokat i Sjøassurandørenes Centralforening (1983–1987) og departementsråd i Samferdselsdepartementet (1989–1997), og ho har undervist i jus ved Universitetet i Oslo. Ho er sambuar med Inge Lorange Backer, som er professor ved Universitetet i Oslo og tidlegare ekspedisjonssjef i Lovavdelinga i Justisdepartementet.

Karin Maria Bruzelius var leiar for Petroleumsprisrådet frå 1987 til 2004, og ho har vore leiar i Norsk Kvinnesaksforening.

Privatetterforskar Tore Sandberg melde dei tre høgsterettsdommarane Bruzelius, Magnus Matningsdal og Eilert Stang Lund til Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité i 2006. Sandberg melde dommarane for å få vurdert om dei tre hadde gjort seg skuldig i grov uforstand i tenesta då dei vurderte gjenopptakingskravet i sakene mot Fritz Moen. Stortingskomitéen bestemte samrøystes den 5. februar 2008 å opne sak for å vurdere om dei tre høgsterettsdommarane skulle stillast for riksrett i etterkant av justismordet.[1] Den 8. mai same år avgjorde eit fleirtal i komiteen at det ikkje var grunnlag for å gå til riksrettssak.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stortinget må vurdere riksrett» av Robert Gjerde på Aftenposten.no (05.02.2008).
  2. «Skuffa over Moen-avgjersle» av Bjørn Mykebust og Elin Thingvoll Berge på NRK.no (08.05.2008).