Fredrikke Marie Qvam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fredrikke Marie Qvam

Fredrikke Marie Qvam (fødd 31. mai 1843 i Trondheim, død 10. september 1938 Gjævran Gård ved Steinkjer) var kvinnesaks-og målkvinne fødd i Trondheim og oppvekse på By utanfor Steinkjer. Qvam var ein administrator av format og saman med Camilla Collett, Gina Krog og Fernanda Nissen er ho rekna som ei av dei fire store namna i norsk kvinnesak. [1]

Ho flytta til Kristiania tidleg på 1880-talet, og hadde styre- og leiarverv i Norsk Kvinnesaksforening, Norske Kvinners Sanitetsforening, Norske Kvinner Nasjonalråd og Landskvinnestemmerettsforeningen. Den 22. august 1905 leverte ho ei liste med underskrifter frå 280 000 kvinnenamn, som hadde skrive under for unionsoppløysing, og samstundes i protest mot at kvinnene ikkje hadde røysterett i denne saka.

Qvam var også med - som ei av svært få kvinner - på skipingsmøtet til Noregs Mållag i 1906.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fredrikke Marie Qvam frå Stemmerettsjubileet 1913-2013 / Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Biografi:[endre | endre wikiteksten]