Marit Nybakk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marit Nybakk (fødd 14. februar 1947 i Nord-Odal i Hedmark) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart valt inn på Stortinget frå Oslo i 1989, var valt inn i 1985 som vararepresentant, og møtte for Gro Harlem Brundtland frå 9. mai 1986. Ho vart fast representant 26. februar 1987 etter bortgangen til Knut Frydenlund.
8. oktober 2009 vart Nybakk valt til 3. visepresident i Stortinget.
Stortingskomitear [endre]
- 2009–: medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen
- 2005–09: andre nestleiar i utanrikskomiteen
- 2005–09: medlem i valkomiteen
- 2005–09: medlem i fullmaktskomiteen
- 2001–05: leiar i forsvarskomiteen
- 2001–05: medlem i den utvida utanrikskomiteen
- 2001–05: medlem i fullmaktskomiteen
- 1997–2001: medlem i utanrikskomiteen
- 1997–2001: medlem i valkomiteen
- 1993–97: nestleiar i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- 1993–97: varamedlem i den utvida utanrikskomiteen
- 1993–97: medlem i valkomiteen
- 1989–93: medlem i kyrkje- og undervisningskomiteen
- 1985–89: medlem i forbrukar- og administrasjonskomiteen
Bakgrunnsstoff [endre]
Kategoriar:
- Fødde i 1947
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Folk frå Nord-Odal