Hagbard Emanuel Berner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Hagbard Berner, ca 1880.
Foto: Ludwik Szaciński / Nasjonalbiblioteket

Hagbard Emanuel Berner (12. september 183924. januar 1920) var ein norsk politikar og publisist. Han vart fødd i i Sunndal.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Han var utdanna jurist (cand.jur 1863). I 1865 fekk han Universitetes gullmedalje for ei avhandling om dei framande kjeldene for grunnlova.

Bladfyken[endre | endre wikiteksten]

I ungdommen var han med i Døleringen rundt Aasmund Olavsson Vinje og han skreiv også i Dølen og i Henrik Krohns Ferdamannen og han var medarbeidar i Vort Land. Frå 1869 til 1879 var han redaktør i det nyskipa Dagbladet, som under hans leiing vart hovudorganet for partiet Venstre og samstundes eit kulturorgan.

Politikaren[endre | endre wikiteksten]

I 1879 reiste Berner striden for det reine flagget, og i 1881 var han med og starta dei første folkevæpningssamlaga, tidlegare hadde han vore formann i Kristiania skytterlag 186979. Frå 1880 til 88 var han stortingsrepresentant frå Akershus amt. I 1883 var han med i tiltalenemda i riksrettsaka mot Selmer-ministeriet. Frå 1892 til 1912 var han borgarmeister i Kristiania (den tredje i rekkja). Han var også med i ei rekkje kommisjonar for utgreiing av økonomiske og finansielle spørsmål, og han arbeidde for ei betring av ordningane for jordbrukskreditt. Arbeidet hans førte mellom anna til nye reglar for hypoteklån på skog i 1897. Berner var også talsmann for ei ny valording med forhaldstalsval og folkerøystingar.

Kvinnesak og målsak[endre | endre wikiteksten]

I 1884 vart han den fyrste leiaren i Norsk Kvindesagsforening som han og Gina Krog hadde skipa same året. Han gjorde også ein stor innsats for målsaka, i 1868 var han med og stifta Det Norske Samlaget der han også vart den fyrste formannen, frå 1868 til 1877.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hagbard Emanuel Berner