Randi Blehr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Randi Marie Blehr, 1899
Foto: Selma Jacobsson/Nasjonalbiblioteket
Randi og Otto Blehr si grav på Vår Frelsers gravlund

Randi Marie Blehr (fødd 12. februar 1851 i Bergen, død 13. juni 1928 i Oslo) var aktiv i kvinnerørsla og målrørsla, og ho jobba for unionsoppløysing og fred.

Randi Blehr gifta seg med med stortingsmann og seinare statsministar Otto Albert Blehr i 1876. Ho var mor til Eivind Blehr, tante til Dagny Juel, og syster Hildur Nilsen, gift med Ferdinand Christian Prahl.

Randi Blehr flytta saman med mannen først til Nordfjordeid så til Lærdal (i 1877). Otto Blehr jobba som overrettssakførar, avismann i Sogns Tidende og til slutt som ordførar i Lærdal kommune.

Husflid[endre | endre wikiteksten]

Randi Blehr var oppteken av at kvinnene skulle dra nytte av den stigande interessa for husflidsprodukt mot slutten av 1800-talet.

I 1889 arrangerte Blehr eit vevkurs som gjekk over tre månader i Lærdal. 47 kvinner deltok, dei fleste frå Indre Sogn, men og byfruer og kjende biletveversker som Frida Hansen. Kjerstina Vangsnes frå Fresvik hadde teke opp att den gamle biletvevteknikken som var i ferd med å døy ut, og ho underviste i denne på kurset. Vevurset vart viktig både for å gjenreisa den gamle vevkunsten og for å gje inspirasjon til ein ny næringsveg for kvinner i Sogn.

Organisasjonsliv[endre | endre wikiteksten]

Randi Blehr var ein av dei som grunnla Norsk Kvindesagsforening i 1884. Ho var formann i to periodar, 1895-1899 og 1903 1922, samt styremedlem i to periodar, 1894-1895 og 1899-1900.

Blehr var med og starta Kvinnestemmerettsforeningen i 1885, Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896 og Norsk Kvinnesaksforenings Fagskole i huslig økonomi i 1899. I 1905 tok Randi Blehr initiativ til ein nasjonal aksjon der heile 565 kvinneforeiningar vende seg til Storting og regjering for å krevje unionsoppløysing og kvinneleg stemmerett.

Blehr var aktiv i fredsrørsla og vart leiar i Norske Kvinners Fredsforbund i 1903.

Randi Blehr fekk i 1921 kongens fortenestemedalje i gull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]