Kielbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kielfjorden, krane ved skipsverftet
Kiel

Kielbukta (tysk Kieler Bucht; dansk Kiel Bugt) er ei bukt sørvest i Austersjøen utanfor kysten av Schleswig-Holstein i Tyskland og øyane i Danmark. Ho er forbunde til Mecklenburgbukta i aust til Lillebælt i nordvest og Storebælt i nord.

Sjøtrafikk som skal til og frå Austersjøen gjennom dei to danske sunda må òg gjennom bukta. Vidare ut frå bukta på veg til Austersjøen må trafikken gjennom eit nytt sund kalla Fehmarn Bælt og inn i Mecklenburgbukta, som opnar seg ut i Austersjøen. Trafikk ut frå Austersjøen kan anten gå gjennom Storebælt med øya Langeland til babord, eller gå inn i Kielfjorden og gjennom Kielkanalen direkte mot munningen til elva Elbe og Nordsjøen. Inst i Kielfjorden ligg Kiel, hovudstaden i Schleswig-Holstein.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I sørvest av bukta ligg kysten av Schleswig-Holstein. Her ligg òg innløpet Schlei, ein elvemunning med brakkvatn, og inst i denne vika ligg byen som er kalla opp etter ho, Schleswig. Her finn ein òg to mindre bukter, Eckernfördebukta og Flensburgfjorden. I nord ligg dei danske øyane Als, Ærø og Langeland.

Kielfjorden[endre | endre wikiteksten]

Kielfjorden, som går sørover frå bukta, er om lag 17 km lang og 1 km brei på det smalaste. Grunnleggarane av Holstein såg den strategiske plasseringa, og det var meininga at Kiel skulle byggast til ein storby. Det vart oppretta eit viktig skipsverft her, som var eit av dei viktige bombemåla til dei allierte under den andre verdskrigen. Før Kiel vart grunnlagd i 1242 og bymurane vart bygd, haldt vikingar til i området, men arkeologiske spor etter dei ligg i så fall under byen.

Eckernfördebukta[endre | endre wikiteksten]

Eckernfördebukta er om lag 16 km lang, der den sørlege delen om lag utgjer 10 km av Kielbukta. Grensa til Kielfjorden går ved fyret Bülker. Den ein gong skogkledde halvøya mellom Kielfjorden og Eckernfördebukta danna grensa mellom saksarane og danskane i mellomalderen. Byen Eckernförde ligg i denne bukta.

Schlei[endre | endre wikiteksten]

Den 42 km lange Schlei danna grensa mellom dei historiske områda Angeln og Schwansen.

Flensburgfjorden[endre | endre wikiteksten]

Flensburgfjorden er om lag 50 km lang. Han dannar delar av grensa mellom Tyskland og Danmark, og markerer den nordlege grensa til Angeln.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 54°31′12″N 10°24′24″E