Kilenebb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kilenebb
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Polytminae
Slekt: Kilenebb Schistes
Gould, 1846
Artar
kvitstrupekilenebb
grønglitterkilenebb

Kilenebb er ei biologisk slekt Schistes av kolibriar med to medlemmer som samla har eit leveområde langs Andesfjella frå Venezuela til Bolivia. Slekta er ein del av underfamilien Polytminae, «mangoar».

Namnet Schistes er frå gresk: skhizo, «kløyve, splitte».[1]

Saman med slektene Doryfera og Colibri dannar Schistes ei klår monofyletisk gruppe.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kilenebb har ei særeigen form på tuppen av nebbet, som er kileforma mot ein syltynn spiss. Nebbet er elles kort, kvitstrupekilenebb har marginalt lengre nebb enn grønglitterkilenebb. Dette er relativt små kolibriar, ca. 8-9 cm i kroppslengd og har generelt grønleg fjørdrakt. Dei har eit kvitt område på sidene av øvre bryst, over det ein blå til mangenta-fiolett flekk på kvar side av halsen. Hos kvitstrupekilenebb er det kvite området smelta saman over brystet. Hannar har glitande grøn strupeflekk, kvitstrupekilenebb har òg grøn panneflekk. Den avrunda halen er mest bronsefarga. Hoer manglar den grøne strupeflekken.[3]

Begge artar har habitat i tett tåkeskog, 800-2300 moh. langs Andesfjella, grønglitterkilenebb marginalt høgast. I Colombia og Ecuador er artane separerte, grønglitterkilenebb lever mot aust og kvitstrupekilenebb på vestsida av vestleg Andes.

Dette taksonet var tidlegare ein art. I EBird/Clements Checklist kom ein splitt til to artar i revisjonen av august 2018.[4]

Kvitstrupekilenebb, Schistes albogularis, Caldas-departementet, Colombia

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Kilenebb i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[7]

begge skråningene av dei vestlige Andesfjellene og vestsiden av de sentrale Andesfjellene i Colombia og vestsiden av Andesfjellene i det vestlige Ecuador.[8]
Austsida av Andes i Colombia nordover til Venezuela og sørover Peru, òg langs austsida av Andes i sentrale Bolivia (Cochabamba).[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 350. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Quintero, Esther and Perktaş, Utku (2018). «Phylogeny and biogeography of a subclade of mangoes (Aves, Trochilidae)». Journal of ornithology (Springer) 159: 29––46. 
  3. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, s. 290, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2018), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Updates & Corrections – August 2018, page 208, Wedge-billed Hummingbird Schistes geoffroyi, Cornell Lab of Ornithology, henta 26. juni 2023
  5. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. mai 2023. 
  6. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. mai 2023. 
  7. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. mai 2023. 
  8. del Hoyo, J., N. Collar, G. M. Kirwan, and P. F. D. Boesman (2021). White-throated Daggerbill (Schistes albogularis), version 1.1. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.webhum3.01.1
  9. Schuchmann, K.L., P. F. D. Boesman, and G. M. Kirwan (2020). Geoffroy's Daggerbill (Schistes geoffroyi), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.webhum1.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kilenebb