Kimberlitt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kimberlitt er ein mørk, porfyrisk bergart. Det er ein peridotitt med fenokrystall av flogopitt og olivin. Ofte er kimberlitt serpentinisert. Kimberlitt finst i form av av breksje i dei diamantførande eksplosjonsrøyra i Sør-Afrika, på overflata forvitra til ein blaut, gul bergart (yellow ground) som på djupet går over i ein fast bergart (blue ground). Kimberlittar finst òg som gangar, ofte knytt til karbonatittkompleks, som damtjernitt.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Kimberlitt»