Breksje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Basaltbreksje med grøn matriks som består av epidot.
Neugrundbreksje, består hovudsakleg av gneis og amfibolitt, som følgje av eit meteorittnedslag 540 millionar år sida.
Megabreksje (venstre) ved Titus Canyon Narrows
Tertiær breksje ved Resting Springs Pass i Mojaveørkenen i California.

Breksje (frå italiensk breccia, «laus grus») er ein bergart som består av skarpkanta brotstykke av mineral eller steinar, som har vorte sementert i lag av ein finkorna matriks.[1] Matriksen kan vere både lik eller forskjellig frå brotstykka.

Breksje kan ha mange forskjellige opphav, noko som namnet på dei forskjellige typane viser til. Desse er sedimentær breksje, eruptivbreksje, eksplosjonsbrekkje, rivningsbreksje (tektonisk breksje) og nedslagsbreksje (impaktbreksje)

Typar[endre | endre wikiteksten]

Sedimentær[endre | endre wikiteksten]

Sedimentær breksje er ei form for klastisk sedimentær bergart. Dei minnar om konglomerat, men har meir skarpkanta brotstykke. Dei er forma av anten undersjøiske gravitetsstraumar, ras, slamstraumar eller andre straumar i vatn.

Sedimentære breksjer kan skildrast som rudittaktige.

Rasbreksje[endre | endre wikiteksten]

Rasbreksje har oppstått der det har gått ras, typisk i eit karstlandskap. Rasbreksjer dannar tepper i sterkt forvitra regolitt etter at bergmassar har gått i oppløysing.

Rivningsbreksje[endre | endre wikiteksten]

Rivningsbreksjer oppstår der to tektoniske plater fører til at grenseflata mellom dei smuldrar opp.

Forkasting[endre | endre wikiteksten]

Forkastingsbreksjer oppstår når to forkastingsblokker gnir mot kvarandre. Seinare sementering av brotstykka kan oppstå ved at grunnvatnet tilfører mineral.

Vulkanske[endre | endre wikiteksten]

Vulkanske klastiske bergartar kan delast inn i to klassar.

Eruptivbreksjer[endre | endre wikiteksten]

Vulkanske pyroklastiske bergartar oppstår under eksplosive utbrot av lava og alle bergartar som vert medriven med i utbrotet. Dette kan inkludere bergmassar som vert rive med frå kanalveggen, som magmaen strøymer gjennom, eller bergmassar som fysisk vert rive med av den pyroklastiske straumen. Lava, særleg ryolitt og dasitt dannar ei form for klastiske vulkanske bergartar når tjukk, nesten fast lava bryt opp i blokker og desse blokkene så vert tekne med i lavastraumen igjen og blanda inn med den gjenverande flytande magmaen. Breksjen som oppstår har same type bergart og kjemiske samansetting.

Lavaer kan òg plukke med seg steinar, særleg om han renn over lausmassar på sidene av ein vulkan, og desse dannar eruptivbrekjser, som òg vert kalla putebreksjer.

Miljøet som skapar eruptivbreksjer glir over i miljøet som skapar eksplosjonsbreksjer i kanalane til eksplosive vulkanar, der lavaen ofte størknar og kan verte knust fleire gonger av påfølgjande utbrot. Dette er typisk for vulkanske kalderaer.

Intrusjonsbreksje[endre | endre wikiteksten]

Klastiske bergartar finn ein ofte i grunne gangar, som porfyrstokkar, granitt og kimberlittrøyr.[2]

Intrusivbergartar kan verte omgjort til breksjer gjennom fleire intrusjonsstadier, særleg om fersk magma trenger seg inn i delvis størkna eller heilt størkna magma.

Nedslagsbreksje[endre | endre wikiteksten]

Breksje danna etter Alamo-nedslaget (sein devontid) nær Hancock Summit i Pahranagat Range i Nevada.

Nedslagsbreksjer trur ein kjem av nedslag etter asteroidar eller kometar på jorda, og ein finn dei vanlegvis i nedslagskrater. Nedslagsbreksje er ei form for impaktitt og oppstår når store meteorittar eller kometar treffer jorda. Dei finst i eller under botn av krateret, i randen eller har vorte kasta ut av krateret.

Hydrotermal[endre | endre wikiteksten]

Hydrotermale breksjer finn ein vanlegvis ikkje djupt ned i jordskorpa (<1 km) mellom 150 til 350oC, når eit jordskjelv skapar eit holrom langs ei forkasting djupt ned i undergrunnen. Holrommet trekkjer inn varm vatn og når trykket i holrommet fell, kokar vatnet, på liknande måte som ein geysir. I tillegg fører den brå opninga av holrommet til at bergmassar på sidene av forkastinga vert destabiliserte og imploderer innover. Brottstykka vert fanga opp i ei blanding av stein, damp og kokande vatn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Breksje

Kjelder[endre | endre wikiteksten]