Gang i geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gneis med granittgangar
Gangar i Black Canyon i Gunnison nasjonalpark i Colorado i USA

Ein gang er ein tavleforma bergartsmasse, malm eller mineral som fyller ei sprekk eller ei spalte i bergrunnen. Gangane er yngre enn berggrunnen omkring, og er vanlegvis forskjellig frå denne. dei kan vere frå nokre centimeter til mange meter tjukke og frå nokre desimeter til fleire titals kilometer lange. Dei er anten tverrgangar som skjer strukturen i sidebergarten, eller laggangar som er parallelle med lagdelinga der.

Eruptivgangar[endre | endre wikiteksten]

Eruptivgangar er magma som har størkna i ei spalte eller ein sprekk og slik laga ein gang. Dei er smale i forhold til lengda og djupna og gjerne steile. Ofte finst dei òg i grupper, såkalla svermar. Dei viktigaste gangane er diabas-, aplitt- og pegmatittgangar, men i prinsippet kan alle magmatiske bergartar opptre som gangar.

Mineralgangar[endre | endre wikiteksten]

Mineralgangar oppstår ved at vanlege mineral og ertsar fell ut i sprekker. Utfellinga har skjedd frå vasshaldige, oftast hydrotermale løysingar eller frå gassar.

Fortrengingsgangar[endre | endre wikiteksten]

Fortrengingsgangar vert danna ved at eldre berggrunn vert erstatta langs ei spalte eller ein sprekk. Sjå metasomatose.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finn ein svermar av diabasgangar frå prekambriumVarangerhalvøya, ved Egersund, i Rogaland og på Sørlandet. Her og i dei kaledonske områda finn ein òg mange gangar av pegmatitt og aplitt. Ein finn gangar av diabas, kvartsporfyr og rombeporfyr frå permtida og karbontida i Oslofeltet. I Sunnhordland og på kysten frå Møre til Trøndelag finn ein òg gangar av den meir sjeldne lamprofyren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«gang. – geologi» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]